Rosendalskurset 11.-13.09.2024 - Den indre overflata!

Kurskomiteen i Hordaland legeforening inviterer til årets Rosendalskurset 2024!

Rosendalskurset vert gjennomført 11.-13. september 2024. Dette er det 5. Rosendalskurset som Hordaland Legeforening arrangerer.
Tema for dette kurset er «Den indre overflata»: Ei praktisk tilnerming i korleis ein kan nytte den bipsykososiale modell i møte med pasientar med fordøyelsesplager og andre plager forverra av stress.


Utsikt mot fjellene
Fotograf: Anne Laue

Den biopsykososiale modell grip inn i alle spesialitetar, og fleire  grupper legar vil finne kurset nyttig. Stress fører til forverring av dei fleste lidingar, både samansette lidingar og enkeltlidingar, som blodtrykk, astma, eksem og irritabel tarmsyndrom. Vi vil løfte fram den biopsykososiale modell som ein behandlingstilnærming.  Vi vil deltakarane skal gjenkjenne medsisinsk uforklarte lidingar, MUPS og inspirere til ein pragmatisk og heilskapleg tilnærming til desse pasientane. Vi ser at stress, fordøyelsesplager og smerter er ein folkesjukdom, og vi må auke vår kunnskap og få gode verktøy til å møte dette.   Det blir fokus på den indre overflata gjennom kurset, med fokus på fordøyelse og pust. Vi skal lære om pust, vagusnerva og korleis ein kan påvirke hjerne-tarm-aksen ved hjelp av pusteteknikkar og viktige livsstilstiltak. Vi vil referere til aktuell og relevant forsking på alle områder i kurset.

Det er eit mål med kurset at legar skal møte samansette lidingar og MUPS med større sjølvtillit og med fleire verktøy enn dei hadde før kurset. Dette vil føre til at deltakarane på kurset vil møte lidingar med større profesjonalitet. På kurset vil vi ta utgangspunkt i vanlege symptom som pasientane presenterer med, for å vere mest mogeleg praksisnære.  Utveksling av erfaring, gruppearbeid og fleire verktøy til bruk i møte med eigen kvardag og kvardagen til pasientane er i fokus gjennom alle dagane. På denne måten vil deltakarane få fleire  medisinske arbeidsmetodar og vil auke sin medisinske kompetanse. Gjennom dialog, gruppesamtalar og utveksling av erfaring vil vi auke samhandling og kommunikasjon mellom  spesialitetane på kurset, samt i lege/pasient/pårørande-relasjonen. På denne måten vil kurset ta tak i lidinga og problemet til pasienten etter subsidiaritetsprinsippet: Behandle mest mogeleg pasientar på lågast mogeleg nivå i helsetenesta. Dette møter også målet om Kloke val og Bærekraft i helsetenesta. 

Kurset har kursstad Riddersalen ved Baroniet Rosendal. Det blir lagt opp til fjelltur på dagen før kursstart, walk and talk -oppgåver i Baronihagen og mykje frisk luft gjennom kurset! Det går hurtigbåt frå og til Strandkaiterminalen Bergen, og frå Flesland til Rosendal kai. Velkommen!

Læringsmål: Kurset bidrar til å oppfylle følgende læringsmål i ny spesialistutdanning : ALM 015, 018, 024, 026, 028, 029, 030, 031, 032, 034, 062, 063, 067, 071, 072, 073, 074, 076, 077,084, 085 ARB 005, 022, 026, 037 FMR 002, 032, 031, 030, 067, 072 FIM003, 080, 081, 086, 087, 088, 093 VOP 012, 013, 014 PED 068, 069, 070, 071, 072 GER 044, 056,

Målbeskrivelse/målgruppe: Allmennmedisin, Arbeidsmedisin ,og andre spesialiteter (Fysikalsk medisin, arbeidsmedisin, indremedisin, geriatri, psykiatr).
Kurset er for allmenlegar, spesialistar og ALIS i Fysikalsk medisin -og rehabilitering, Fordøyelsessjukdomar samt andre spesialitetar.
Godkjenninger:
Kurset søkes godkjent for følgende ASA-spesialiteter:Allmennmedisin, Arbeidsmedisin, Barnesykdommer, Fysikalsk medisin og rehabilitering, Geriatri, Indremedisin, Psykiatri
Det søkes tellende med antall timer: 16 timer

Kurskomite: Kurskomitè er Solfrid Hellesøy Siqveland spesialist i allmennmedisin, Asha Sundaran Blåsternes, konstituert overlege i indremedisin, og Elisabeth Steinsvik, PhD og LIS3 i  fordøyelsessjukdommar.

Dato:
11.-13.09.2024 

Tid/sted:
  i Riddersalen, Avlsgarden i Baroniet Rosendal i Kvinnherad

Kurspris pp.:
kursavgift 4.400,- + dagpakke mm. (pris blir oppdatert)

Overnatting:
Deltakarane må sjølv bestille overnatting 

Baroniet:
sjå for prisar etc her: https://www.baroniet.no/overnatting  
Bestill overnatting på epost info@baroniet.no eller tlf. 53 48 29 99.

Rosendal Turisthotell:
bestilling og info: https://www.rosendalturisthotell.no/ 

Gjøa motell:
www.booking.com(4 med bad, 4 uten bad)

Rosendal Fjordhotel:
www.booking.com

Transport: Båten legg til ved kaien i Rosendal (ved Rosendal turisthotell) ca kl. 18.25. Gjøa motell og Rosendal turisthotell ligg like ved hurtigbåtkaien i Rosendal. Avstand frå kaia til Baroniet er ca 1,1 km. Det er 1,4 km å gå frå Rosendal Fjordhotel til Baroniet, Riddersalen. Sjå www.rodne.no, Hardangerfjordekspressen

Dersom du ønskjer transport frå hurtigbåtkaien i Rosendal opp til Riddersalen/baroniet, vgl. skriv dette i påmeldingsskjemaet. 
Fotograf: Anne laue, utsikt mot fjorden i Rosendal
Aktivitetar:
Det er flotte turmoglegheiter i Rosendal. Meld frå i påmeldingsskjemaet om du ønskjer være med på tur onsdagen.

Antall deltakarar:
Maks 60 stk 
Påmelding til kurset fungerar som "førstemann til mølla"-prinsippet og effektueres ved betaling innan betalingsfristen. Sjå og våre avbestillingsreglar ved kurs.

Påmelding i skjema under her: 

Påmeldingsskjema Rosendalskurset 2024

Avkrysningsliste

Ønsker skyss fra kaien til Fjordhotellet/Baroniet

Ønsker å være med på fjelltur onsdag før kursstart