Foreninga har som formål:

  • å fremmja interessa for fagområdet intervensjonsradiologi.
  • å fremmja utvikling og forskning innanfor dette fagområdet.
  • å stimulera til samarbeid og fagleg utveksling mellom norske radiologiske avdelinger som driv med intervensjonsradiologi.

Nfir har pr. 01.10.09  93 medlemer. Medlemskontingenten er for tida kr. 150,- pr. år for ordinære medlemer.

Styret blir valt for to år om  gongen.

Aktivitetar:
Styret held styremøte ca. éin gong pr. månad der saker som vedkjem foreninga og intervensjonsradiologi generelt blir behandla.
Kvar  haust blir det arrangert, i  samband  med Radiologforeningen sitt  haustmøte, generalforsamling og eit faglig møte.

Referat frå generalforsamling  og bilder av foredragsholdere frå  møtet vårt Oslo for 2009 ligg på heimesida vår.

Våre medlemer blir  kollektiv meldt inn  i CIRSE for NFIR sine betalande medlemer. Dette gjeld frå og med 2009.

Heimesida vår er under oppgradering og nye tema vil etterkvart koma. Det siste er Case of the month. Her har medlemene sendt inn kasuistikkar som dei har behandla. Serien fortset i 2010 og det vil koma nye kasuistikkar kvar månad.

Jon Egge

leiar i NFIR


Ønskje om medlemskap kan rettast til sekretæren:

Erna Skomedal

Radiologisk avd.
Stavanger Universitetssjukehus Helse Stavanger

 P.B 8100

4068 STAVANGER


E-mail:      sker@sus.no