Skademekanisme:
Oftast relativt undertrykk i øyregang/mellomøyre under neddykking/landing med fly, stundom auka intrakranielt trykk (kraftig Valsalva) med forplanting til perilymfen. Membranskade og blødning i labyrinten/mellomøyret/øyregangen, evt. perilymfefistel og/eller trommehinneperf. (kalorisk stimulering). Luft i perilymfen frå mellomøyret (gjennom fistel).
Diagnostikk:
Anamnese. Strukturert: Drakttype, dykkeprofil/forløp, tubefunksjon (allergi/øli), trykkutlikningsteknikk.
Symptom. Trykk/smerte i øyra (oftast i kompresjonsfasen), dottkjensle/nedsett høyrsel (einsidig eller bilat.), tinnitus, vertigo, desorientering, evt. kvalme/oppkast.
Funn v/ØNH-us. Trommehinneinjeksjon/petekkiar, evt. perf., blodblemmer/blod i øyregang/på trommehinne, evt. hematotympanon, evt. nystagmus og bleik, klam hud, ustø gange.
Supplerande us. Audiometri, evt. vestibularundersøking (og nevrologisk undersøking). Konduktivt og/eller perseptivt høysselstap, evt. kanalparese (og/eller facialisparese). Positiv Romberg.
Differensialdiagnose. Trykkfallssykje (TFS).
Profylakse:
Seleksjon, opplæring i trykkutlikningsteknikk, tjukk huve under tørrdrakthette, blåse 1uft i hetta under kompresjonen, fylle øyregangane med vatn før dykk, unngå dykking ved treg tubefunksjon (allergi/øli).
Behandling:
Avhengig av skadetype/omfang: Ekspektativ, spyle ut blod med lunka saltvatn, vurdere antibiotika ved infeksjon/sekresjon, dykkeforbod til trommehinneperf. har grodd (min. tre veker), ro/evt. sengeleie m/elevert overkropp (hospitalisering) v/perilymfefistel, unngå bukpresse, evt. eksplorativ tympanotomi (tette fistel), evt. myringoplastikk, vertigotrening, dykkeforbod i min. 3 mndr. (evt. permanent) v/fistel. Rekompresjon/HBO v/mistanke om TFS.
Komplikasjonar:
Evt. permanent vestibularskade/perseptivt høyrselstap/tinnitus/trommehinneperforasjon.
Oppfølging:
Kontroll til normalisering eller stabil tilstand.