Endringer i bioteknologilova

Mange lurer på NGFs rolle når det skal gjennomføres endringer i bioteknologiloven. Vitenskapenskapelig sekretær Ragnar Kvie Sande har skrevet en liten oppdatering.
biotekn

Stortinget bad sommaren 2020 regjeringa endre bioteknologilova. Det vart mellom anna bestemt at alle gravide skal ha tilbod om 1. trimester ultralyd med tilleggsundersøkingar, alderskravet for fosterdiagnostikk vart senka til 35 år, og ein bad om at Non Invasiv Prenatal Diagnostikk (NIPT) vart gjort tilgjengeleg i eit større omfang enn tidlegare. Helsedirektoratet har sett ned ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe som skal gje råd om detaljane i innføringa av dette. NGF er representert i begge fora.
 
Tilrådinga skal vere klar allereie 1/11, då skal det ligge føre ein plan om når dette kan innførast. Planen skal ta stilling til kven som skal gjere 1. trimester ultralyd etter ny ordning, kvar og korleis dette skal gjerast, og kva opplæring ein tenker er nødvendig for å kunne gjennomføre endringa i tråd med intensjonen i vedtaket. Konkret plan for finansiering ligg utanfor mandatet. Styret i Norsk Gynekologisk Foreining kjem attende med meir informasjon etter kvart som arbeidet skrir fram.
 

For styret

Ragnar Kvie Sande

Vit sek NGF