Norsk gynekologisk forening

Obstetrikk

Tema: Setefødsel

10. april 2021

Dersom det er eitt felt ein bør ha lest ein studie og to for å kunna gjera gode samval med sine pasientar er setefødsel ein veldig god kandidat. Term Breech Trial (1), også kjent som Hannah-studien eller TBT, er ein av dei mest kjente randomiserte kontrollerte studiane i obstetrikken. Fleire pasientar har lest om denne og bringer den ofte opp i samtalar rundt planlegging av forløysingsmetode ved seteleie. Studien frå 2000 fann at det var tryggare for barna i seteleie å bli fødde via eit planlagd keisarsnitt heller enn ved eit forsøk på vaginal setefødsel. Mange land ga seg med å tilby kvinner rutinemessig vaginal setefødsel etter denne. Ein oppfølgjingstudie av litt under halvparten av deltakarane i TBT fann ingen forskjell mellom gruppene i uheldige utfall for barna ved 2-årsalder (2) begynte å så tvil om det var riktig å gå bort frå vaginale setefødslar likevel. Vidare kom ein stor europeisk observasjonsstudie, PREMODA-studien (3), som viste at vaginal setefødsel var trygt innanfor relativt strenge rammer, bl.a. med personell trent i å ta mot barn i sete. Til slutt kan du finna to kommentarar høvesvis for (4) og mot (5) å forkasta resultata frå TBT og fortsetja med vaginale setefødslar.

1: Term Breech Trial "Hannah-studien" https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/11052579/
2: 2 år oppfølgjing av TBT: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/15467555/
3: PREMODA-studien: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/16580289/
4: Kommentar som argumenterer mot TBT og for fortsatt elektive vaginale setefødslar: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/16389006/
5: Kommentar som argumenterer for TBT og mot fortsatt elektive vaginale setefødslar: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/25932844/