Opplæring i ultralydscreening

ultralyd1

Dette er ei oversikt over kva som ventas at ein skal kunna etter endt opplæring i ultralydscreening for andre trimester. Den er delt inn i hovudtema omtrent slik opplæringa er. Me har laga desse hjelpearka for at ein skal kunne bruka dei til å førebu seg dagen ein skal vera med på oppæring. Dei er ikkje meint å vera ei lærebok. Detaljar har blitt ofra for lesbarheit. Nokre tema har kjelder eller lenkjer til vidare lesing slik at du kan lesa vidare viss du ønskjer.

Alle metodar her skildra er for transabdominal ultralyd dersom ikkje anna er oppgjeve.

Me har med vilje brukt litt ultralydterminologi slik at du kanskje får lært nokre vanlege omgrep som «insonasjonsvinkel». Det skal koma tydeleg fram av kontekst kva dette betyr, viss ikkje bør du ikkje nøla med å slå det opp.

Håper dette kan hjelpa deg i å få så mykje som mogleg ut av ultralydopplæringa som mogleg. Lukke til!

Helene Krogh Alvarez, Birgitte Eide, Erica Hove, Vilde Lund Osdal, Venke Torland og Øystein Bergøy