Velkommen på kurs i kommunikasjon!
Her skal vi kjenne at vi verkeleg lærer og deler. Mange spesialitetar møter pasientar med samansette plager. Dette kurset vert søkt om godkjenning i fleire spesialitetar, og vi oppdaterer nettsida etterkvart. Sentrale spørsmål: Korleis kan vi betre kommunikasjonen ved psykosomatikk, funksjonelle plager, CFS/ME og MUPS? Kva er brukbar kommunikasjon og kva er ikkje? Vi skal øve på å bruke kommunikasjon betre, både for dei enkle konsultasjonene og for dei vanskelege.
Dette er eit kurs som passar for legar i spesialisering og spesialistar, gjerne med nokon års erfaring. Då har alle stått i konsultasjonar der pasienten er misnøgd samtidig som vi veit vi har gjort ein god jobb. Vi har alle følt oss rådville og utilstrekkelege. Etter to dagar i Rosendal vil du vite kvifor du allereie er god, du vil bli betre på det du allereie gjer bra og du vil få trening som gjer deg til kommunikatør i særklasse.
Om foredragsholderen:
Bård Fossli Jensen er spesialist i barnesjukdommar, han har ein ph.d. i medisinsk kommunikasjon og nyleg fekk han glimrande omtale i Tidsskriftet for læreboka «Kommunikasjon med pasienter». Saman med AMK Vestfold/Telemark har han utvikla nye kommunikasjonspsykologiske metodar for bruk i nødsamtalar. Då pandemien braut ut blei han henta inn av Bent Høie for å bidra til helseministeren sin kommunikasjon til befolkninga. Til seinsommaren kjem han til Rosendalkurset.
Rosendalskurset er i vakre Rosendal. Det er enkelt å kome til og frå kurset med hurtigbåt fra Bergen/Flesland. Rosendal ligg ved fjord og elv, så ta gjerne med badekle for morgonbad og kveldsbad.
Læringsmål:
ALM 085, ALM 008, ALM 027, ALM 028, ALM 029, ALM 030, ALM 031, ALM 032, ALM 034, ALM 035, ALM 036, ALM 037, ALM 042, ALM 044, ALM 045, ALM 046, ALM 047, ALM 048, ALM 04, ALM 055, FKM LM-19, FKM LM-21, FKM LM-22, FKM LM-23, FKM LM-33, FKM LM-73
Målbeskrivelse/målgruppe: Allmennleger, Arbeidsmedisiner, Samfunnsmedisiner, men også fagspesialister
Godkjenninger: Klinisk kommunikasjon
Allmennmedisin: Kurset godkjennes med 15 t som klinisk emnekurs i viderutdanningen, samt 15 t som emnekurs i etterutdanningen.
Arbeidsmedisin: godkjennes med 12 timer som valgfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistenes etterutdanning.
Psykiatri: godkjennes med 15 timer for spesialistenes etterutdanning.
Pediatri: godkjennes med 15 timer som valgfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistenes etterutdanning.
Nevrologi: godkjennes med 15 timer som valgfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistenes etterutdanning.
Revmatologi: godkjennes med 8 timer som valgfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistenes etterutdanning.
Fysikalsk medisin: søkes godkjent med 15 timer som valgfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistenes etterutdanning.
Kurskomite: Anne Laue, Solfrid Hellesøy Siqveland (Kursleder), Stine Alp, Geir-Erik Vattekar, Jon Vangdal Aamaas og Bård Fossli Jesen.
Dato: 30.08-01.09.2023
Tid/sted: i Riddersalen, Avlsgarden i Baroniet Rosendal i Kvinnherad
Kurspris pp.: kursavgift kr 4.200,- (for legar) + dagpakke totalt
kr 2.325,-. (dagpakke inkluderer konsert og kveldsmat onsdag, lunsj, pausemat og tre retters middag torsdag, lunsj og pausemat fredag.)
Overnatting: Deltakarane må sjølv bestille overnatting og spør etter pris for 2023 for Rosendalskurset ved alternativt;
Baroniet: sjå for prisar etc her: https://www.baroniet.no/overnatting
Bestill overnatting på epost info@baroniet.no eller tlf. 53 48 29 99.
Rosendal Turisthotell: bestilling og info: https://www.rosendalturisthotell.no/
Priser:
3 etg.: dobbeltrom m/bad kr 2.000.-, dobbeltrom m/bad og balkong kr 2.200.-
2 etg. rom med bad på gangen: dobbeltrom kr 1.500.-, twinrom (2 senger) kr 1.300.-, enkeltrom kr 1.100.-. Prisene er pr rom pr. dgn inkl. frokost.
Gjøa motell: www.booking.com(4 med bad, 4 uten bad)
Rosendal Fjordhotel: www.booking.com
Enkeltrom kr 2.050,- per dgn. Dobbeltrom kr 1.250,- pp per dgn. Prisen inkluderer overnatting med frokost.
Transport: Båten legg til ved kaien i Rosendal (ved Rosendal turisthotell) ca kl. 18.25. Gjøa motell og Rosendal turisthotell ligg like ved hurtigbåtkaien i Rosendal. Avstand frå kaia til Baroniet er ca 1,1 km. Det er 1,4 km å gå frå Rosendal Fjordhotel til Baroniet, Riddersalen. Sjå www.rodne.no, Hardangerfjordekspressen
Dersom du ønskjer transport frå hurtigbåtkaien i Rosendal opp til Riddersalen/baroniet, vgl. skriv dette i påmeldingsskjemaet.
Aktivitetar: Det er flotte turmoglegheiter i Rosendal. Meld frå i påmeldingsskjemaet om du ønskjer være med på tur onsdagen.
Antall deltakarar: Maks 60 stk
Påmelding til kurset fungerar som "førstemann til mølla"-prinsippet og effektueres ved betaling innan betalingsfristen. Sjå og våre avbestillingsreglar ved kurs.
Påmelding i skjema under her: