Høyringsuttale til framlegget til policynotat om bruk av pasientjournal i helsetjenesten.

Møre og Romsdal legeforening har handsama denne saka i møte 26/9 07.
Vi er samd med det som står i utkastet til policynotat men vil også nemne:

 

Ein bør ha felles journal ved eit legekontor som nemnt og grunngitt i utkastet til policynotat. Av og til vil det likevel kunne vere behov for å journalføre særskilt sensitive opplysingar som andre tilsette ved kontoret av forskjellige grunnar ikkje bør ha automatisk tilgang til. Vi ser at det kan være behov for eit meir skjerma område i journalen som kan takast i bruk for spesielt sensitive opplysingar og der berre vedkomande lege og den pasienten gir samtykke til, har tilgang. Tilsvarande bør også vere mogleg i sjukehusjournalen.

Alle journalsystem  må ha logg over kven som har gått inn i ein journal. Det kan synes vel byråkratisk å automatisk sende loggen til alle pasientar, men alle pasientar må få rett til å sjå loggen over kven som har gått inn i journalen, og dei må gjerast merksamme på denne retten. Det må utløyse sanksjonar å gå inn i ein journal utan tenestleg behov. Kontroll av loggane må også gå inn i kvalitetssystema til intitusjonen.