Etablering av arenaer for utstilling av medisinsk utstyr - høyringsuttale

1. april 2008
Styret i Møre og Romsdal legeforening har i møte 1. april 2008 vedteke slik uttale: Etter Loenvedtaket har det vore eit sakn at vi ikkje har hatt gode arenaer der legar kan få demonstrert medisinsk teknisk utstyr. For slikt utstyr er det ofte eit behov å kunne sjå det, ofte ta på det og få demonstrert finesser og bruksmåtar av representantar frå fima som leverer utstyret.

Også for dette området må samhandlinga skje på sakleg vis utan ytingar frå leverandørane som kan vere egna til å svekke tillita til legane sin integritet, men vi ser ikkje behovet for eit like strengt regelverk som for legemiddel.

I valget mellom alternativ 1 og 2 frå sentralstyret, vil vi heilt klart tilrå alternativ 2. Vi synes likevel at også dette er for strengt. Det synes urimeleg å belaste sentralstyret med individuell godkjenning av kvart einskild arrangement. Særleg for eit fag som allmennmedisin synes det også urimeleg å avgrense slike utstillingar til eit einskild arrangement i tilknytning til årsmøtet for Norsk Forening for Allmennmedisin. Der fins fleire andre samlingspunkt med tellande kurstimar der det kan vere naturleg å arrangere slike utstillingar. Vi synes derfor at også vilkåret om at utstillingar berre kan arrangerast i tilslutning til årsmøta i dei fagmedisinske foreningane, bør fjernast. Kravet om at utstillinga ikkje skal føre til meirinntekter for kursarrangøren og at utstillinga skal haldast i eit separat rom slik at det blir frivillig å besøke den, bør vere nok i denne sammenhengen.