Prosjekt stillingstruktur for legen – høyringsuttale

Etter ei aktiv epostrunde vil styret for Møre og Romsdal uttale følgjande:
Vi støtter hovudpunkta i utgreiinga.
Særleg støtter vi framlegget om at hovedregelen skal vere fast tilsetting for legar i spesialisering og at det må ryddast opp i vikarbruken ved sjukehusa.

Vi vil likevel understreke at det er heilt naudsynt at eit visst antall gruppe 1 stillingar vert unnateke frå denne regelen og reservert for utdanningskandidatar som treng denne tenesta for å fullføre spesialiseringa si. Vi kan ikkje vere tent med at utkantsjukehus etter kvart vert drevne av fast tilsette legar som er nesten spesialistar i faget men aldri kan oppnå full spesialitet fordi dei ikkje får gruppe 1 teneste.

Det er framleis behov for eit sentralt system for legefordeling for å sikre tilgang av spesialistar til alle delar av landet. Ein må gå gjennom dei stillingsheimlane som er etablert, for å sjå om dei samsvarer med prinsippet om likeverdige helsetenester for alle delar av landet. Dette prinsippet må også vere styrande for nytildelingar av heimlar.

Det er behov for ein full gjennomgang av sjukehusåret sin plass i spesialistutdanninga i allmennmedisin. Vi vil trenge ein sterk auke i utdanningskapasiteten for allmennlegar i åra framover, og det er lite truleg at dette vil kunne dekkast av tilfeldig tilgjengelege vikariat. Her vil det vere behov for øyremerka tidsavgrensa stillingar spesiellt oppretta for formålet, og med eit utdanningsinnhald tilpassa behovet for spesialiseringa i allmennmedisin.


Vi synes det er positivt om ordningar med blokktenestegjering blir nærare utgreidd og utprøvd. Her må ein vere særskilt merksam på å ivareta nasjonale standarder for utdanninga, at det ikkje er opp til regionar å endre innhaldet i utdanninga etter lokale behov.

Vi er undrande til framlegget om å endre omgrepet lege i spesialisering til berre lege. Lege er eit begrep og ord som allereie har eit innhald som omfatter alle legegrupper. Det blir derfor vanskeleg å bruke dette ordet aleine til å definere dei legane som er i spesialistutdanning.

Hareid 26/9 2008