Uttale om utgreiinga ”Lokalsjukehusfunksjonen i psykiatri”

Handsama i styret i Møre og Romsdal legeforening 20/2 08
Vi er samd i utgreiinga sine krav til styrking av det faglege innhaldet i psykiatritenestene, styrking av øyeblikkelig hjelp funksjonene og bedring av samhandling mellom psykiatri og somatikk. Vi vil særleg understreke kravet om minst ein psykiater på heil tid på kvar eining og at der må vere psykiater i akutteama.

Vi sakner ei grundigare utgreiing av DPS-reformen, korleis forholdet mellom DPS og psykiatriske sjukehus etter denne er tenkt og ei meir kritisk problematisering av dette.

Bak tittelen DPS skjuler det seg eit stort mangfold av institusjonar frå tidlegare psykiatriske sjukeheimar med berre psykiatertilsyn av og til, til institusjonar som i realiteten er psykiatriske sjukehus. Det blir ut frå dette ikkje rett å gi hovedansvaret for det psykiske helsevernet i eit gitt område til ein DPS uten nærare spesifisering. Jfr sitatet frå Veilederen i Psykisk helsevern for voksne: ”DPS-ene skal ha hovedansvaret for det psykiske helsevernet i et gitt geografisk område”

 Vi synes ikkje ein skal akseptere ein begrepsbruk der DPS er andrelinjeteneste i psykiatri og psykiatriske avdelingar er tredjelinjeteneste.

 Vi er samde i at øyeblikkelig hjelpfunksjonen er heilt nødvendig i andrelinjetenesta i psykiatri. Når denne funksjonen er lagt til psykiatriske avdelingar, så er disse dermed reelt sett ein viktig del av andrelinjetenesta. Det er viktig at institusjonar med øyeblikkelig hjelp funksjon har god nok bemanning til å kunne handtere dette. Det vil ikkje vere rett prioritering å bygge opp bemanning på dette nivået ved alle institusjonar som i dag kallast DPS.  Vi er samde i at det er behov for bedre kapasitet for akuttinnleggingar i psykiatrien og at terskelen ikkje må vere høgare her enn i somatikken. Korleis dette skal organiserast vil måtte variere ut frå avstandar, bygningar og bemanning. Det kan ofte vere tenleg at ei psykiatrisk sjukehusavdeling har akuttfunksjonen og er bemanna til å kunne gi god diagnostikk og avklaring ved innkomst, så kan dei pasientane der dette er tenleg heller bli overflytta til ein DPS etter kvart.

 I tillegg til øyeblikkelig hjelp i form av innlegging, må den psykiatriske andrelinjetenesta kunne yte øyeblikkelig hjelp i form av ambulante konsultasjonar og rådgiving overfor primærhelsetenesta. Dette kan truleg desentraliserast noke meir enn ansvaret for øyeblikkelig hjelp innleggingar.

 Det må vere ei klar målsetting at alle somatiske sjukehus har ei psykiatrisk avdeling eller DPS  samlokalisert med seg. I den utstrekning bygningsmessige forhold er til hinder for dette, må det etablerast gode samarbeidsrutiner. Alle somatiske avdelingar må vere sikra gode psykiatriske tilsynsordningar, og tilsvarande må alle psykiatriske sjukehuseiningar og DPS vere sikra gode somatiske tilsynsordningar.