Høyring basisteneste turnusteneste

Styret i Møre og Romsdal legeforening handsama denne saka i styremøte 2. april 2009

Møre og Romsdal Legeforening seier seg samde i at turnustenesta treng endring. Vi ser det som positivt at tida i allmennpraksis er tenkt oppretthalde, likeeins at det skal setjast meir konkrete krav til kva kandidaten skal kunne etter at han er ferdig med basistenesta. Likevel er vi ikkje sikre på at ei endring frå turnusteneste til basisteneste er riktig botemiddel.

  • Til no har SAFH fordelt turnusplassar, medan sjukehusa har ansvar for å få kandidaten igjennom programmet. Det har vore særs vanskeleg å få ein kandidat ”underkjent”, korleis er dette tenkt handtert  i basistenesta? Vi meiner det må være definert klarere læringsmål som må vere oppfylt for godkjent teneste.
  • Det er naudsynt med noko praktisk basiskunnskap innan indremedisin og kirurgi for å kunne gå vakter i allmennpraksis. Ser ein føre seg at alle skal innom desse faga, berre på kortare tid? Vi meiner det bør fortsatt vere obligatorisk med indremedisin og kirurgi og det må være minst tre månedar på kvar avdeling.
  • I nokre sjukehusfag går turnuskandidatar  ikkje sjølvstendige vakter (t.d anestesi, pediatri og gyn/obst). Dersom kandidaten berre skal på gjesteopptreden i faga med eigne vakter, ser vi det som særs krevjande å skulle starte ei eiga vaktkarriere i allmennmedisinen.
  • Vil basisteneste innan t.d psykiatri kunne nyttast for ein som vel å spesialisere seg innan indremedisin? Denne lækjaren vil starte med full autorisasjon, men kanskje utan noko praktisk erfaring frå indremedisin.
  • Kva rettar har ein som lækjar utan gjennomført basisteneste? Vert desse jamgode med dagens mellombelse lisens? Vi støtter forslaget om at ein ikkje får full autorisasjon før etter basistenesta.

Når det kjem til korleis plassane vert fordelte, ser vi det som mest føremålstenleg å ha loddtrekning, med innskrenka høve til særplass.