Landsstyresak – Utredning av prinsippene og forutsetningene for opprettelse av kompetanseområder – høyringsuttale

I samband med utgreiinga om spesialistutdanninga for legar, uttalte Møre og Romsdal legeforening følgande:

Forslaget om å opprette kompetanseområder synes noke uklart og ufullstendig utgreidd. Vi ser likevel behovet for å spesifisere ein spesialkompetanse som t.d. sjukeheimslegar bør ha, som dei kan få på bakgrunn av forskjellige spesialitetar. I tillegg til alders- og sjukeheimsmedisin, er kanskje allergologi det faget som kunne ha størst behov for eit kompetansebevis på tvers av spesialitetar.

Den foreliggande utgreiinga gir eit betydeleg betre grunnlag for å vurdere innhaldet i dette omgrepet. Vi er samde i at kompetanseområder må vere område som har tilknytning til fleire etablerte spesialitetar og ikkje ”kvistspesialitetar”. Vi er også samde i at det må utarbeidast spesifiserte utdanningskrav med rettleiing og sentral godkjenning for alle kompetanseområda. Det er antyda Palliativ medisin, Allergologi, Akuttmedisin, Hjerneslag, Alders- og sykehjemsmedisin, Idrettsmedisin og Endovaskulær kirurgi som aktuelle kompetanseområde. Spørsmål om einskilde kompetanseområde får ein kome tilbake til som einskildsaker.   Utgreiinga gir eit godt grunnlag for å starte arbeidet med dei einskilde kompetanseområda