Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2009

Statusrapport 2009 om spesialisthelsetjenesten – høyringsuttale

Styret i Møre og Romsdal legeforening handsama rapporten i møte 2. april 2009, og vil uttale:
Vi er samde i hovedinnholdet i rapporten, men har nokre kommentarar til økonomidelen, kapittel 4:
14. juni 2012

Det blir stadig framheva frå myndigheitene at sjukehussektoren har hatt ein sterk økonomisk auke siste åra sammenlikna med naboland og andre samfunnssektorar. Samtidig så er den kvardagen mange sjukehuskollegaer opplever ikkje prega av auke, men tvert imot innstrammingar. Vi sakner ei analyse av dette tilhøvet.

Er ressursauken reell?

Kva betyr endra reknskapsreglar som denne tilsynelatande veksten?

Kor mykje går bort i renter til dei låna foretaka har fått lov til å ta for å dekke underskot?

Fører innsatsstyrt finansiering til ressursauke på DRG-gunstige men uprioriterte område slik at totaløkonomien auker?

Rapporten dokumenterer svært godt at dagens system for innsatsstyrt finansiering fører til store feilprioriteringar og også til feilanalyser av produktivitet. Ein kan godt hevde at DRG er eit verktøy som berre er egna for makronivået i ressursfordeling, ikkje ut på den enkelte avdeling. Dersom innsatsstyrt finansiering skal stimulere til innsats, så må den førast ut på den enkelte avdeling, og det ser vi skje overalt no. Vi synes legeforeninga bør bli enda tydelegare i kritikken her: Vi kan ikkje akseptere at økonomiske kriterier er viktigare enn dei medisinske kriteria i prioritering av medisinsk ressursinnsats. Dersom ein ikkje kan få til eit dynamisk system for innsatsstyrt finansiering som stadig blir justert etter medisinske kriterier, så bør vi heller gå tilbake til rammefinansiering.

Av moment kan nemnast at finansieringssystemet fører til at spesialistar blir satt i inntektsgivande pasientbehandling framfor meir tidkrevande opplæring av spesialistkandidatar, noko som set framtidig spesialistopplæring i fare. Det blir også underleg når mange komplikasjonar premierer ei fødeavdeling økonomisk.

Vi meiner legeforeninga bør ta eit klart standpunkt for at regnskapslova ikkje er egna for ei samfunnsfinansiert verksemd som sjukehussektoren, og at kapitalkostnader må skillast frå drift. Det kan ikkje aksepterast at nybygg av sjukehus skal finansierast ved driftsreduksjonar.

Vi synes også konklusjonen når det gjeld fritt sjukehusvalg og innsatsstyrt finansiering er for vag. Vi kan ikkje akseptere eit system som fører til at mindre alvorlege sjukdommar hos godt mobile pasientar i realiteten blir prioritert framfor svært alvorlege sjukdommar i strid med prioriteringsforskriften. Da blir det ikkje nok å peike på ”utilsiktede konsekvenser”. Helseforetaka bør ikkje vere forplikta til å refundere utgifter til pasientbehandling hos pasientar utan ”rett til helsehjelp” som får behandling utafor eige område.

Det kan godt vere at desse standpunkta inneber at legeforeninga må snu i forhold til kva ein tidlegare har støtta, men det må vere rett å snu når ein ser at kursen går i feil retning.