Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2009

Vedtektsendring for SOP – høyringsuttale

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama saka i møte 11/12 2009 og vil uttale:
14. juni 2012

Det er kanskje ikkje merkeleg at finansdepartementet i 1991 ønska å stanse kapitaloppbygginga i SOP. Fondet hadde nådd ein storleik som har gjort det i stand til å gi næringsdrivande legar nesten full dekning for ytingar ved langvarig sjukefråver og svangerskap til no – både løpande utgifter og inntektstap, og pensjonsytingar på linje med sjukehuslegar fram til 2001. Ordninga er nesten heilt utan nye innskot. Gjennom fastlegeordninga har vi fått ein sterk auke i næringsdrivande legar, ein auke av kvinnelege allmennlegar i fertil alder og venter ytterlegare auke i næringsdrivande allmennlegar. Ein må ut frå dette berre vente at SOP ikkje lenger vil ha finansiell styrke til å yte som før.

Ut frå SOP sitt perspektiv må ein derfor gjere dei endringane som er foreslått frå SOP sitt styre. SOP kan ikkje gi ut meir pengar enn ein har til rådevelde.  Det virker logisk å prioritere dei legane som har rekna med SOP, og har så kort tid igjen til pensjonsalder at det er vanskeleg å skaffe seg andre løysingar. Det er rett å prioritere avbrotsytingar framfor framtidige pensjonsytingar. Det er også rett å realitetsorientere unge kollegaer om SOP sin dystre framtidige utsikter, slik at ein i tide kan ordne seg med naudsynte forsikringar. Ein bør sjå nærare på tilhøva rundt svangerskapspermisjonar. Det vil ikkje vere like lett å forsikre seg mot inntektstap og løpande utgifter ved disse. Vi ønsker fleire kvinner inn i allmennmedisinen og da må også dei sosiale tilhøva leggast til rette for dette.

Sentralstyret bør likevel sjå denne saka i ein større samanheng. Har der vore gjort nok for å sikre SOP inntekter? Bør ein avstå frå inntektsauke ved normaltariffoppgjeret til fordel for å styrke SOP, for å skape gode nok sosiale vilkår for dei som går inn i allmennmedisinen og som private spesialistar? Ei slik løysing vil vere mindre attraktiv for legar i den alderen som likevel vil kunne få ytingar etter det nye regelsettet, men meir ønskeleg for yngre kollegaer på vei inn i praksis. 

Sentralstyret må også sjå denne saka i ein annan samanheng. I stortingsproposisjonen om samhandlingsreformen, er det meir enn antyda kommunal arbeidsplikt for fast lønn 2 dagar i veka, og ei auke av basistilskotet frå 30 til 50% av inntektsgrunnlaget. Dette vil rive bort mykje av grunnlaget for å drive praksis som sjølvstendig næringsdrift. I lag med ei svekking av SOP som gjer at ein står langt dårlegare når det gjeld sosiale rettar enn sjukehuskollegaer, vil dette virke ekstremt hemmande, særleg for rekrutteringa til allmennmedisinen. Dersom utviklinga går i denne retninga, bør det bli at krav at ein kan krevje å få fastlønsavtalar med kommunene.

Styret meiner elles at ein bør vere meir forsiktig med å bruke SOP sine midlar til andre formål enn avbrotsytingar og pensjonar i den  økonomiske situasjonen fondet står i. Styret ser likevel svært positivt på det arbeidet som blir gjort gjennom Villa Sana og vil ønske at tilskot til dette blir oppretthalde.