Høyring – utkast til policynotat om psykisk helsearbeid i kommunene

12/10 2010
Styret i Møre og Romsdal legeforening har drøfta utkast til policynotat om psykisk helsearbeid i kommunene.

Vi er samd i at fastlegen må vere nøkkelperson i det psykiske helsearbeidet. Det er viktig for kartlegging og diagnostikk, særleg for å utelukke psykiske symptom som følge av udiagnostisert somatisk sjukdom. Mange pasientar treng også berre den hjelp som fastlegen kan gi, uten involvering av andre faggrupper og andrelinetenesta. Det er derfor svært viktig med bedra kapasitet i fastlegetenesta slik at dei kan fylle denne rolla så godt som mogleg.

 

Vi synes likevel policynotatet overvurderer fastlegen si rolle som lokal koordinator. Alle kommunar er pålagt å ha ei koordinerande eining som skal koordinere tenestetilbod for brukarar med omfattande behov frå fleire etatar. Denne eininga har mellom anna oversikt over ansvarsgrupper, individuelle planar. I slike saker bør legen si rolle vere medisinsk sakkyndig, behandlar og rådgivar – og ikkje koordineringsadministrator. Dette er for å kunne konsentrere legen sitt arbeid mot kjerneområdet.

 

Samlokalisering av fastlegetenester med kommunepsykolog, helsestasjon, barnevern, PPT og heimetenester vil vere gunstig for å gjere samarbeidsformene lettare, men ikkje alltid mogleg. Vi trur likevel at fastlegekontoret er best tent med å vere ei eiga organisatorisk eining. Vi ser ikkje at legekontora skal overta helsesøstertenesta og psykologtenesta som ein integrert del av si eiga drift. Vi ønsker utbygging av kommunepsykologteneste velkomen, men ser ikkje at psykologen skal vere underlagt fastlegen. Ein psykolog i kommunehelsetenesta vil kunne ha store oppgaver i systemarbeid, barnevern, helsestasjon, PPT og forebyggande helsearbeid, og bør i mindre grad vere ein rein klinisk behandlarpsykolog. I klinisk behandling må det vere ei sjølvfølge med eit nært samarbeid med fastlegen.

 

Organisatorisk er det uunngåeleg at dei som arbeider med psykisk helsevern i forskjellige former i kommuneorganisasjonen, er i forskjellige organisatoriske søyler; psykisk sjukepleieteneste, heimesjukepleie, barnevern, NAV (sosialdelen), helsestasjon, PPT, kommunepsykolog. Det er ikkje ein god ide å prøve å lage kommunehospital med fastlegen på toppen og alle desse under. Det viktige vil vere å skape eit godt miljø for tverrfagleg samarbeid og kommunikasjon der fastlegen får og tar imot sin rettmessige plass.

 

Kommuneoverlegerolla vil vere svært viktig for å bidra til gode samarbeidsrutiner og eit godt samarbeidsklima.