Høyringsuttale – revisjon av legeforeningen sine forhandlingsreglar

Denne høyringsrunda avslører eit behov for å gå nærare gjennom lokalavdelingane sitt ansvar i forhold til lokale forhandlingar. Vi er samde i at lokalavdelingane bør ha eit ansvar for å gi praktisk bistand etter behov ved val av tillitsvalgte, tillitsvalgtopplæring og dekning av utgifter i samband med tillitsvalgtarbeidet. Det blir likevel ikkje rett å seie at lokalavdelinga har det overordna ansvaret for forhandlingsverksemda innafor fylket. Det er ikkje i samsvar med den reelle praksisen. Lokale forhandlingar ved foretaka blir styrt av lokale tillitsvalgte i nært samarbeid med si yrkesforening og sekretariatet. Lokalavdelinga har inga sentral rolle i desse prosessane. Ut frå dette bør ein i punkt 1-2 (2) heller nytte formuleringa ”støttefunksjon” enn ”overordnet funksjon”.

Vi ser ikkje behov for oppretting av forhandlingsutvalg i lokalavdelinga slik det går fram av 2-4. Dei oppgåver eit slikt utval eventuelt skal ta seg av, bør kunne dekkast av styret sjølv.