Høyringsuttale til statusrapport 2010 Belastninger i tidlige livsfaser

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama saka i møte 16/2 og vil uttale:
Statusrapporten er svært god. Den tar opp viktige spørsmål omkring helse og sjukdomsforståing på ein god måte. Vi har berre to merknader:

På side 44 er det eit avsnitt om følgetjeneste for gravid der det er omtala som eit forslag å overføre ansvaret til helseforetaka. Dette er ikkje lenger eit forslag, men vart vedteke i statsbudsjettet for 2010. Dersom kvinner med lang reisevei til fødeavdeling skal få følge av jordmor, krev det at jordmora befinn seg ikkje langt unna kvinna. Denne ansvarsendringa krev derfor eit nært samarbeid mellom helseforetak og kommunejordmor. Dette bør påpeikast. Vi meiner også at grensa for rett til kvalifisert følge bør ligge på 1 times reisevei og ikkje 90 minutt.

Vi er samd i at fastlegen si rolle i arbeidet rundt små barns helse må styrkast. Samarbeidet mellom fastlege og helsestasjon er viktig. Vi er ikkje samd i at rutinemessige helsekontrollar bør flyttast ut fra helsestasjonen og inn i fastlegen sin legepraksis. Helsestasjonslegen er viktig i forhold til deltaking i helsestasjonen si fagutvikling og indre rutiner, og i forhold til helsestasjonen sin legitimitet blant foreldra. Dersom ein fjerner legen frå helsestasjonen, inneber det fare for ytterlegare fragmentering av helsearbeidet for barna.