Høyringsuttale vedkomande utstilling på kurs som gir tellande kurstimar

18. mars 2010
Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama denne saka i ei epostrunde.

Det er viktig at det ikkje kan reisast mistanke om at legar si etterutdanning er påvirka av andre omsyn enn dei reint faglege. Derfor har det vore behov for ei innstramming i kursreglane i forhold til dei reglane som var gjeldande før Loenvedtaket i 2004. Vi synes likevel det er unødige restriksjonar i dagens regelverk.

Utstilling av medisinsk teknisk utstyr er det alt åpna for, og det er bra. Vi ser ingen grunn til at ein skal ha forbod mot utstilling omkring tidsskrift, læremiddel og nettstader som ikkje er finansiert av legemiddelindustrien. Tvert imot, aktuelle utstillarar vil f.eks. kunne vere Helsebiblioteket, Noklus, Relis o.l. Informasjon om slike tenester vil kunne styrke legar si evne til fagleg vedlikehald, og gi ein tilleggsdimensjon til kursa. Vi ser heller ingen grunn til at slike utstillingar berre skal kunne haldast ein gang årleg i tilslutning til årsmøtekursa til den fagmedisinske foreninga.

Vi stør derfor framlegget til Norsk forening for allmennmedisin, men meiner at sentralstyret i tillegg bør gå inn for å fjerne regelen om at slike utstillingar berre skal kunne haldast ein gang årleg i samband med årsmøta til dei fagmedisinske foreningane.