Lovendringsframlegg – regionsutvalg - høyring

22/2 2010

Styret i Møre og Romsdal legeforening er ikkje samd i forslaget om å legge ned regionsutvalga. Så lenge vi har organisert helsetenesta med regionale helseforetak som eit viktig nivå for strategi og økonomistyring, er det viktig at vi kan møte den organisasjonsstrukturen også frå legeforeninga si side. Vi har erfaring frå Midt-Norge at regionutvalget kan bidra til å få i stand helsepolitiske konferanser og møter mellom tillitsvalgte og leiinga.

Det har vore hevda at legeforeninga ikkje må forme sin organisasjon etter stadige endringar i samfunnsorganiseringa. Det er vi ikkje samde i. Det er viktig at vi har ein fleksibel organisasjon som kan svare på endringar i samfunnsutvikling og -organisering. Dersom dei regionale helseforetaka vert avvikla, vil ein kunne vurdere å avvikle regionsutvalga, erstatte dei med frivillig samarbeid mellom lokalavdelingar, og overføre økonomien til lokalavdelingane.