Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2011

Høyringsuttale prinsipp- og arbeidsprogram

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama dette i møte17. februar.
14. juni 2012

 

  • Oppfattes en deling i Prinsipprogram og Arbeidsprogram som en forbedring?
  • Oppfattes rulleringen over 6 år for Prinsipprogrammet som hensiktsmessig?

Vi trur det er tenleg med ei oppdeling i prinsipprogram og arbeidsprogram der 4 års rulleringsperiode for prinsipprogrammen kan vere passande. Arbeidsprogrammet bør gjerast meir konkret og aktuelt enn det der her er lagt opp til, og rullerast årleg.

 

  • Kommentarer til innholdet i Prinsippprogrammet

 

I det forslaget som er utsendt, er det innhaldsmessige skillet mellom prinsipprogram og arbeidsprogram for utydeleg. Til dømes setningane :” Helsetjenesten har gjennomgått viktige og nødvendige strukturreformer. Det er nå nødvendig å øke oppmerksomheten på utviklingen av det faglige innholdet i reformene.” er ikkje uttrykk for prinsipp men ei situasjonsbestemt vurdering.

 

Vi sakner dessuten ei viktig prinsipiell haldning:

 

Legeforeningen vil arbeide for en offentlig finansiert helsetjeneste som gir gode og likeverdige tjenester til alle innbyggere uavhengig av inntekt, sosial status og hvor de bor.

 

  • Kommentarer til innholdet i Arbeidsprogrammet

 

Sentralstyret må finne seg i at landsstyret har kontroll over innhaldet i arbeidsprogrammet. Det vil innebere at det kan innehalde benkeforslag og ha element på eit nokså detaljert nivå. Arbeidsprogrammet kan ikkje oppfattast ekskluderande. Sentralstyret må framleis ha stor handlefridom til å arbeide mykje med saker som ikkje står i arbeidsprogrammet, men sentralstyret kan ikkje oversjå saker som landsstyret gjennom arbeidsprogrammet har pålagt dei å arbeide med.

 

Forslaget til arbeidsprogram er for likt prinsipprogrammet og for lite konkret. Kvar blir det av viktige saker som turnusordninga, faste stillingar for legar i utdanningsstilling, arbeidstid, samhandlingsreformen, spesialistutdanninga? Og kva meiner ein egentleg med ”Politikkutviklingen i foreningen skal styrkes”? Det som står beskreve i konkretiseringa er prinsipp som blir fulgt og tiltak som er satt i verk. Poliitkkutviklinga i foreningen er god. Kva meiner ein konkret med at den skal styrkast? Ein burde heller formulere at ein framleis skal halde høg kvalitet og involvere organisasjonsledda i utforming av legeforeningen sine helsepolitiske standpunkt.

 

  • Kommentarer knyttet til ønsket om å holde Arbeidsprogrammet på et mer overordnet nivå og med et begrenset antall målsettinger

 

Dette er vi usamde i. Arbeidsprogrammet må vere ein stad der landsstyret kan vere med å prioritere legeforeninga sin konkrete innsats i viktige enkeltsaker, ikkje berre ein kopi av prinsipprogrammet. Skillet mellom prinsipprogram og arbeidsprogram vil vere med å åpne for ei slik utvikling.

  • Kommentarer til forslag om videreutvikling av Årsmeldingen

Vi har ingen særskilte merknader til vidareutvikling av årsmeldinga.