Policynotat om rekruttering og kjønnsbalanse i spesialitetene - høyringssvar frå Møre og Romsdal legeforening

Møre og Romsdal Legeforening meiner det er viktig med balanserte fagmiljø med tanke på kjønn, men òg med blikk på alders - og erfaringsbakgrunn.

Vi er samde i prinsippa som leggast fram i utkastet til policydokument, med eitt atterhald:

Kvotering er ikkje eit verkemiddel for å få motiverte spesialister.

Val av spesialitet har mange fasettar. Kjennskap til faget er ein; her kan det være nyttig med «tidleg», eller iallefall god eksponering. Gode praksisperiodar er viktig, likeeins får fag der det per dd er mogeleg å ha turnusteneste eit fortrinn. Eit nytt verkemiddel vil altså være å få basisteneste i «utsatte» fag.

Vaktbelasting   er òg viktig. Dette vil spele inn på ulikt vis for den einskilde lege, og kan være knytta til livssituasjon. I eit meir likestilt samfunn er dette viktig for begge kjønn.

Prosessen med spesialisering fører for mange til byte av bustad eller pendling, noko som er viktig for alle, men kanskje særskilt legar med små born.

Ein kan alt arbeide deltid, men haldingane innad i kollegiet til dette er nok ulik i ulike fag. Ei endring av spesialistreglane til at ein t.d kan ha totalt eit år der ein ikkje går i vakt ila spesialiseringa kan òg være nyttig. Dette fordrar at ein innfører ein standard for minimumsbemanning, slik at kollegaene som vert værande i vakt ikkje må bryte vernebestemmelsane.

Vi er samde  i at dei fagmedisinske foreningene for utsette fag bør lage handlingsplanar.

Til slutt vil vi legge til at dokumentet bør reviderast på ein slik måte at ein skjønner at ein ynskjer jamn kjønnsdeling i alle fag, ikkje berre kvinnelege kirurgar eller mannlege psykiaterar.