Høyringssvar policynotat IT

Styret i Møre og Romsdal har handsama saka i møte 15/5 2012 og vil uttaleVi har ingen innvendigar til innhaldet i policynotatet, men synes enkelte punkt kunne vore gjort tydelegare.

Det står ”nasjonal finansiering i alle deler av helsetjenesten” . Det det bør tydeleggjerast at det synes vere eit prinsipp for staten å ikkje finansiere programuytvikling av IT-verktøy hos  sjølvstendig næringsdrivane legar (fastlegar og avtalespesialitar). Desse har gjennom normaltariffen ein sterkt statleg regulert økonomi der krav til IT-investeringar må betalast med inntektsnedgang for legen, dersom det ikkje blir fullfinansiert av staten gjennom særlege løyvingar eller gjennom normaltariffen.

Det er særleg urimeleg at legane sjølv må finansiere programendringar som resultat av statlege krav for å rasjonalisere eiga verksemd (sjukmeldingar, elektroniske rekningsoppgjer t.d.)

Staten bør også fullfinansiere viktige pasienttryggingstiltak som samordning av legemiddellister, interaksjonskontroll, beslutningsstøtte.

Ein må understreke tydelegare at Nasjonalt adresseregister må på plass og integrerast i alle system slik at ein slepp feiladresserte medlingar. Dette er eit problem både når det gjeld konfidensialitet og tryggheit for at viktoige beskjedar kjem fram dit dei skal.

Denne type tiltak må prioriterast foran sentrale portalar, dirketebestilling av timar og liknande.