Høyringsuttale – Legeforeningens forskningspolitiske dokument

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama saka i møte 15/3 2012, og vil uttale:

Dokumentet er svært godt og vi vil slutte oss til konklusjonane i det. Vi har likevel nokre  avsnitta om industrifinansiert forsking.

Samarbeid med industrien om medikamentforsking er heilt naudsynt og ein viktig del av medisinsk forsking. Finansieringskjeldene vil likevel klart påverke dei problemstillingar som blir tatt opp, og ein bør tydelegare understreke at dette er eit forskingsområde der det er større behov for uavhengig finansiering.  Vi har også sett døme på industriinitiert forsking som meir har hatt preg av marknadsføring enn å få fram ny kunnskap. Kravet til forskarane sin fulle kontroll over vurderingar, og krav til publisering også av negative resultat, bør understrekast tydelegare.

Legar er for lite engasjert i medisinsk forskning. Ei viktig årsak er dei store lønnsforskjellane mellom forkning og klinisk arbeid. Legeforeninga må arbeide for å bedre lønnsbetingelsane for legar i medisinsk forskning.