Høyringsuttale til forslag til ny forskrift for turnustenesta

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama denne saka i møte 27. august, og vil uttale:

I utgangspunktet er dette ein naudsynt reform. Det er ikkje akseptabelt at nyutdanna legar må gå på vent i 1-2 år før dei får halde fram med vidare utdanning. Hovedgrepet med å flytte autorisasjonen til rett etter studiet, og gjere turnustenesta til ein obligatorisk del av spesialistutdanninga og ein føresetnad for allmennlegearbeid, er eit fornuftig og nødvendig grep.

Det er ikkje grunngitt godt korfor ein ikkje skal kunne akseptere teneste utført i vikariat. Slik teneste burde også kunne aksepterast så sant den er utført i samsvar med dei faglege retningslinene for turnustenesta. Ein bør også gjere ei realitetsvurdering av praktisk teneste frå andre land uavhengig av kvar dette landet har plassert autorisasjonstidspunktet. Mellom anna blir det underleg om legar med svensk eller dansk turnustenesta skal måtte ta norsk turnusteneste i tillegg. Der kjem til å bli kapasitetsproblem med den nye tenesta også, og ein bør ivareta desse muligheitene for å sleppe kandidatar med nok realkompetanse inn i norsk spesialistutdanning og primærhelseteneste.

Dette gjeld sjølvsagt òg for kandidatar som har tatt delar av si spesialistutdanning i andre land. Eit krav om varighet på minimum to år kan vere teneleg.

Det er lagt opp til ei dimensjonering av turnusstillingar omtrent på dagens nivå. Det må utgreiast bedre om dette er tilstrekkeleg til å dekke behovet for legar i framtida.

Turnuslegane sin rett til å få barn i turnustenesta er ikkje godt nok dekka i forslaget. Det må vere mogleg å få dei lovmessige permisjonane og så få halde fram i stillingane sine.

Eit søknadsbasert system byr på store utfordringar. Det vil vere lite grunnlag for å skilje kandidatane på objektive kriterier, og stor fare for at usaklege omsyn som utanlandsklingande etternamn og personleg nettverk vil kunne spele ei rolle. Ein burde arbeidd meir for å halde på eit trekningsbasert system. Det vil ikkje vere mogleg for ei vanleg norsk kommune å kunne handtere forsvarleg desse

søknadsprosessane. Det må vere ein føresetnad at ein har eit blokksystem der helseforetaka tar den største oppgåva med tilsettingsprosessane.

Tidsmomentet i tilsettingsprosessane vil vere vanskeleg. Mange parallelle søknader vil føre til kandidatar som får tilbod, seier nei etter svarfrist, ein ny må få tilbod og så vidare kanskje i mange runder. Ein bør ha ordningar der kandidatane prioritere dei 5 første plassane dei søker på primært og der det også er ei avgrensing på kor mange samtidige søknader ein kan ha ute.

For utkantkommunar er det viktig at ein held på element som at utlysinga skjer i to puljar og at dei som takker ja til ei tilsetting i første pulje ikkje har rett til å søke i den andre.

Der bør vere ei sentral vurdering av språkkompetanse. Søkarar som ikkje har norsk bakgrunn, bør ha tatt ei nasjonal språkprøve på nivå med Bergensprøva før ein slepp inn i søknadsprosessen på turnuslegestillingar. Det bør ikkje vere ei oppgåve for den einskilde arbeidsplassen å vurdere dette.

Ottar Grimstad
leiar