Høyringsuttale til utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal

Møre og Romsdal Legeforening har handsama saka ved møte mellom dei hovudtillitsvalde for Den norske legeforening i sjukehusa 3. oktober 2012, samt i styremøte 18. oktober 2012.

Det har vore lagt ned eit omfattande arbeid i utgreiinga. Det er berre ein delvis utviklingsplan som er lagt fram. Konsekvensane for spesialisttilbodet på Sunnmøre er ikkje godt utgreidd, heller ikkje forholdet til kommunehelsetenesta og samhandlingsreformen. Det viktigste perspektivet har vore sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal. Det meiner vi er rett. Sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal har gått lenge. Det er viktig at vi no får ei avgjerd slik at pasientar og tilsette kan bu seg på kva som skal vere framtida, og legge til rette for at denne vert best mogeleg. Vi meiner at utgreiinga gir eit godt nok grunnlag til å ta denne avgjerda no.

Det er fagleg riktig at eit sjukehus skal vere eit fullverdig akuttsjukehus, og soleis gå bort frå hybridmodellar og funksjonsdeling. Med fullverdig akuttsjukehus meiner vi døgnberedskap året rundt innan generell kirurgi og ortopedi, generell indremedisin, anestesiavdeling, røntgenavdeling og klinisk-kjemisk laboratorium. Vi meiner òg at eit felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal må innehalde gynekologisk avdeling, fødeavdeling og akuttpsykiatrisk avdeling.

Vi meiner både null-alternativet og alternativ 1 må forkastast.

Null-alternativet bygger vidare på funksjonsdeling, noko som ikkje gjev eit fullverdig akuttsjukehus nord for Romsdalsfjorden. Dette er øydeleggande for eit attraktivt fagmiljø, og fører til uvisse for pasientar som vert lagt inn. Pasientar kan verte sende til eit sjukehus som ikkje har kompetansen dei treng, noko som kan føre til auka økonomiske kostnadar ved transport, auka morbiditet, og i nokre tilfeller òg mortalitet.

Vi meiner at eit nytt sjukehus må ta inn i seg fagmiljøa både i Molde og Kristiansund.  Det må kunne oppfattast som eit nytt felles sjukehus for regionen, og ikkje berre vidareføring av det eine bysjukehuset. Dette gjer alternativ 1A og B uegna. Begge  sjukehusa ligg også dårleg til kommunikasjonsmessig på tomter som er lite egna til vidare utbygging. Eit felles akuttsjukehus blir og best med å bygge eit helt nytt og funksjonelt bygg for framtida. Dette vert truleg heller ikkje blir særleg dyrare.

Det er semje om at ut frå eit fagleg grunnlag, er det berre alternativ 2 og 3 som er verdt å vurdere.

Eit nytt sjukehus bør lokaliserast slik at det er mogleg å pendle til det frå begge byane. I regionplanleggingsperspektig opererer ein no med 50 minutt pendleavstand som ei grense for eit arbeidskraftområde. Det bør vere mogleg å lokalisere eit nytt sjukehus slik at ein når det med under 50 minutts pendletid frå den byen som ligg lengst borte.

Vi har ikkje tru på alternativ 3A. Det vil vere vanskeleg for eit sjukehus i denne storleik, å bemanne to eksterne poliklinikkar samtidig med tilfredsstillande vaktordning og nødvendige polikliniske tenester ved akuttsjukehuset.

Styret i Møre og Romsdal legeforening vurderer det slik at dei fleste på sikt vil ønske seg kortare pendleveg. Ut frå framtidig rekruttering, bør ein lokalisere sjukehuset slik at ein kan utnytte infrastruktur i ein av byane. Dette vil òg gjere det lettare for ein partner som ikkje er i helsevesenet å få relevant arbeid. Vi trur det vil vere viktig for framtidig rekruttering.

Ein kunne tenke seg eit 3B-alternativ lokalisert heilt opp mot grenseområdet til ein av byane.  Vi går ikkje inn for dette. Vi trur det vil vere rett å behalde poliklinisk  tilbod i den av byane som ikkje får sjukehuset nær seg; mest av omsyn til pasientane sin reiseveg, men også av omsyn til personale ved eksisterande sjukehus. Dette er samsvar med prinsippet «desentralisere den vi kan og sentralisere det vi må» som er nedfelt i det regionale helseforetaket sin strategi 2020. Det er også ein stor fare for at alternativ 3B med uavklara plassering, vil halde ved like lokaliseringsstriden i lang tid framover, i staden for å samle krefter om å realisere dette prosjektet.

Både alternativ 2A og 2B er fagleg sett gode alternativ. Det er sterkt delte meiningar blant medlemmene våre om kva av desse alternativa som er best. Valget mellom desse alternativa må takast ut frå ei vekting av spørsmål knytta til reisetider for personale og pasientar, tru på kva som vil gi best rekruttering av personale i framtida, omsyn til mogleg lekkasje som svekker pasientgrunnlaget for sjukehuset, kva alternativ som gi best driftsøkonomi for det samla helseforetaket. Vi vil derfor ikkje gi styret i helseforetaket eit klart råd i dette valget.

Vi ser at helseforetaket sitt styre må gjere si beslutning ut frå eksisterande finansieringsordningar, men vi må nytte høvet til å peike på at sjukehusinvesteringar er betydeleg underfinansiert i Noreg i dag.  Vi opplever driftsbudsjetta som knappe no, og ytterlegare belastning på 100–150 millionar på grunn av sjukehusbygg, kan vere vanskeleg å absorbere. Ein må arbeide politisk mot staten som sjukehuseigar til å finne nye investeringsordningar for sjukehusa, og tre til med finansiering som kan trygge bygginga av dette nye sjukehuset snarast.

Vi vil på det sterkaste oppmode om at den beslutninga som no blir tatt, blir endeleg og blir respektert av alle partar, sjølv om ein skulle vere usamd. Det må ikkje leggast opp til omkampar som auker faren for ytterlegare å skyve dette prosjektet ut i tid.

Vidare utsettingar vil føre til ytterligare slitasje på innbyggerar og tilsette, og i tillegg føre til store kostnader til utbedring på Lundavang. Desse kostnadane vil på sikt vere bortkasta, og føre spesialisthelsetenesta i Nordmøre og Romsdal inn i ei varig bakevje.

Utgreiinga har ikkje vurdert konsekvensar for primærhelsetenesta, legevakt og framtidig utvikling av samarbeidsmodellar mellom helseforetak og kommunehelsetenste i lys av samhandlingsreformen. Den har heller ikkje vurdert avtalespasialistane si rolle i det samla spesialisttilbodet. Dette er spørsmål som må gå utgreiast nærare.

For kommunene, fastlegane  og legevakta vil det aller viktigaste vere at ein veit kva ein har å halde seg til når det gjeld tilbod ved akuttsjukehuset, og at det sjukehuset ein henviser til, og legg inn pasientar ved, har dei spesialitetane ein treng. Den funksjonsdelinga som er i dag, er  ikkje fagleg tilfredsstillande og vanskeleg for primærlegar å forhalde seg til. Bygging av nytt sjukehus vil få konsekvensar for organisering og lokalisering av legevakt, mest i den byen som ikkje lenger vil ha akuttsjukehus innafor bygrensene, men dette kan ikkje vere avgjerande moment for valg av løysing. Ein må arbeide vidare framover med samarbeidsløysingar og distriktsmedisinske senter,  men kan ikkje la det vere avgjerande for det valet som no må gjerast når det gjeld bygging av nytt akuttsjukehus.

Vestnes, 18. oktober 2012.

Ottar Grimstad
leiar, Møre og Romsdal legeforening

Marit Halonen Christiansen
foretakstillitsvalgt, Legeforeningen og Akademikene