Høringsuttalelse om landsstyresak - Overføre ansvar for praksiskompensasjon for avtalespesialister som deltar i tildeling av spesialisthjemler

I kvar helseregion har der vore eit slikt utval med tillitsvalgtreprersentasjon frå PSL i distriktet. Utgiftene til reise og praksiskompensasjon til denne har vore belasta den lokalavdelinga vedkomande er medlem i. Dette har gitt betydeleg utgifter for enkelte lokalavdelingar, mens andre ikkje har hatt utgifter til dette.

Det blir nå foreslått at ansvaret for desse utgiftene overførast til PSL. Dette vil utgjere ca 340 000 kroner i året. Det blir foreslått at inntektsrammene til PSL aukast og at pengane takast frå lokalavdelingane sine rammer gjennom litt redusert medlemstilskot, sidan dei no mister ei finansieringsoppgåve. Dei lokalavdelingane som har finansiert dette tidlegare, får ein utgiftesreduskjon som er betydeleg større enn den inntektsreduksjonen dette vil gi. Dei avdelingane som ikkje har hatt denne utgifta, vil få reduserte inntekter uten å ha reduserte utgifter.

Etter styrebehandling på e-post støtter Møre og Romsdal legeforening dette forslaget.