Høyringsuttale statusrapport om nasjonal sjukehusplan

Temaet for statusrapporten 2013 er sjukehuspolitikk. Status rapporten inneheld mange viktige og gode moment:

Vi bruker mindre på sjukehus enne den myndigheitene vil ha oss til å tru. Det må vere samsvar mellom løyvingar og oppgaver. Vi treng eit nytt investeringsregime. Vi treng meir fagleiing og m indre rapportering og overordna styring

 

Det er to punkt vi særleg vil nemne.

 

Det er landsstyrevedtak på at eit lokalsjukehus må ha medisin, kirurgi, anestesi og røntgen som basisfunksjonar. Denne statusrapporten åpner for at vi kan ha lokalsjukehus med akuttfunksjon berre i indremedisin. Vi er skeptisk til å gjere ei slik kursendring i ein statusrapport uten drøfting i landsstyret på forhånd. Vi ser at det kan vere vanskeleg å ha akutt bløtdelskirurgi knytta til alle lokalsjukehus i spredtbygde deler av landet, men anestesiservice er heilt nødvendig for eit forsvarleg akuttmedinsk tilbod, og vi tviler på muligheita av å få levedyktige anestestimiljø uten også å ha kirurgi (t.d. ortopedi)

 

Dei regionale helseforetaka er mykje omdiskutert. Vi ser eit klart behov for ein gjennomgang av deira rolle i organiseringa av helsetenesta, men synes det er rett av legeforeninga å ikkje ta bastant standpunkt til konklusjonane av ein slik gjennomgang no.

 

Godkjent i styremøte 3. april 2013.