Referat fra styremøte i Møre og Romsdal legeforening 14. februar 2018

Til stades: Ligita Lamina (NAMF), Eigil Sandvik (AF) , Nils Ringdal (PSL), Tom W. Christiansen (styremedlem), Ingunn Romundstad Innerdal (nestleiar), Bjarne Storset (kurskomitéen), Brit Ingunn Hana, Jessica Eik (LSA) og leiar Inger Lise Kaldhol.
Fråfall: Dag Brekke (LVS), Ida M. Birkhaug (YLF), John Kristian Høye (OF)

1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
Saklista blei godkjent. Det kom inn ei eventuelt sak frå Brit Ingunn Hana

2. Val av referent.
Inger Lise Kaldhol blei valt til referent.

3. Val av representantar til å skrive under referatet.
Ingunn R. Innerdal og Tom W. Christiansen blei valt.

4. Godkjenning av referat møtet 24.11.17.
Referatet manglar Jessica Eik som møtedeltakar , vedtak om støtte til MedHum og pleiemedhjelparkurs og disksjon om trønderopprøret. Referatet blir godkjent med desse endringanane.

5. Nytt frå yrkesforeningane.

Of: Ny føretakstillitsvalt,  John Kristian Høye, gynekolog i Ålesund.
Ylf:  Utviklingsplan, vaktrom, forhandlingar, LIS-kveldar. 
AF: Debatt om fastlegeordninga og legevakt i Stortinget i går. Positive signal, det er no trykk i stortinget frå oposisjonen om behovet for endringar som kortare lister og betre økonomi, men regjeringa vil vente og evaluere ordninga først. For legevakt er bakvaktkrav i fht. kompetansekravet utsatt.
PSL: Ei arbeidsgruppe som Nils Ringdal og Stian Endresen har delteke i, har tilrådd fleire og desentraliserte avtalespesialistar i Møre og Romsdal. Notatet frå arbeidsgruppa har no sendt vidare til Helse Midt-Norge og skal styrebehandlast.
LSA: Jessica Eik skal bytte jobb 1.juni og vil då ikkje lenger ha ei samfunnsmedisinsk stilling. Kai Grimstad rykker då opp og blir fast medlem i styret. LSA må finne ny vara.
Namf: Ligita Lamina skal ha svangerskapspermisjon, og vara vil møte i neste styremøte.

6. Arbeidet i kurskomiteen ved Bjarne Storset.

Bjarne orienterar om planlagte kurs.            

Kurs

Tid

Stad

Førarkort

mars

Ålesund/Kristiansund

Helserett

mars/april

Molde/Oslo

Normaltariff

mars/april

Molde/Oslo, Kristiansund?

Voksenpsykiatri

april

 

Kvalitetssikring, Dag Sunde

mai

 

Barne og ungdompsykiatri

oktober

 

Akuttmedisinkurs

To kurs i året

Samarbeid med SimCare

 

7. Representantar frå lokalforeninga.
Val av vararepresentantar til RU. Frå Møre og Romsdal ønsker vi å ta opp i RU om leiar er untatt som representant for fylket, slik at Ingunn R. Innerdal kan representere Møre og Romsdal legeforening som fast medlem. Ligita lamina stiller som vara for NAMF, Eigil Sandvik som vara for AF og John Kristian Høye som vara frå OF. Vi foreslår også at Dag Brekke blir valt som LVS representant.

Landstyremøte-representantar skal veljast i årsmøte. På grunn av endringar i etterkant i år, blei det meldt inn vara som ikkje var årsmøtevalt. Ingunn R. Innerdal er representant, Tom W. Christiansen 1.vara, Dag Brekke 2.vara

8. Kurssystem og rekneskapsfirma.
Styret er usikre på om det på noverande tidspunkt er rett for oss å kjøpe kurssystem og bytte rekneskapsfirma. Det kan vere ei moglegheit at vi berre nyttar kurssystemet utan å bytte rekneskapsfirma. Det er framleis uklart kva økonomiske konsekvensar dette får og kva vi skal nytte vår sekretærreussurs til om vi går for eit slik system. Vi utsett derfor avgjerda i denne saka til 2019.

9. Søknad om økonomisk støtte, Trønderopprøret.
Styret i Møre og Romsdal ser utfordringar i at legeforeninga skal støtte økonomisk eit opprop utanfor organisasjonen. Vi seier derfor nei på eit prinsipelt grunnlag sjølv om vi ser positiv på engasjementet til trønderopprøret.

10. Aktivitetar-utsett sak til neste møte.

●        Ledersamling 17.-18.januar.
●        Samlingar for LIS1 ved sjukehusa.
●        “Hurtigrutekonferanse” 16.-18.oktober i Kristiansund.
●        Helsepolitisk konferanse, Trondheim, 3.desember

11. Stadfesting av årsmøtevalgte yrkesforenings styremedlemmer.
 På årsmøtet i Møre og Romsdal legeforening  30. august 2017 blei følgande ført i protokollen  under sak 12.

"12.  Stadfesting av årsmøtevalgte yrkesforeningsmedlemmer:
Det ble orientert om at  yrkesforeningene  selv velger sine  medlenmmer, og alle valgene er ennå ikke klare. Det ble dermed ikke fattet noe vedtak i saken."

Iflg  lovene skal kvar yrkesforening på sine årsmøter velje eit medlem  til styret  i Møre og Romsdal legeforening.

Dette er no gjort og følgande er valt:

Yngre legers forening: (Ylf) - Ida Monn Birkhaug
Norsk Overlegeforening: (Of) - John Kristian Høye    
Allmennlegeforeningen: (AF) - Eigil Sandvik
Norsk arbeidmedisinsk forening: (Namf) - Ligita Laimina
Praktiserende spesialisters landsforening: (PSL) - Nils Ringdal
Leger i samfunnsmedisinsk arbeid: (LSA) - Jessica Eik
Foreningen for leger i vitenskapelige stillinger: (LVS) - Dag Brekke

Melding om dette blir sendt til Brønnøysundregistrene.

12. Innføring i bruk av google som arbeidsmetode kl 18.15-19.45.
Jørn Kippersund introduserte styret for google som arbeidsdokument.

13. Eventuelt.
Facebookside, eventuelt saman med Sør og Nord Trøndelag? Styret i Møre og Romsdal legeforening ønsker at vi skal ha ei eiga facebookside. Vi set opp igjen dette som sak til neste møte for vidare diskusjon på utforminga av sida. Vi bør då også snakke om bruken av nettsida.

Godtgjering for arbeid i styret. Nils orienterte.

Brit Ingunn stilte spørsmål om vi skal levere høyringsuttale til Pakkeforløp for psykisk helse og rus. Tom W. Christiansen og Brit Ingunn kjem med eit forslag til neste møte.