Referat fra styremøte i Møre og Romsdal legeforening 15. mai 2018

Til stades: Dag Brekke (LVS), John Kristian Høye (OF), Eigil Sandvik (AF) , Nils Ringdal (PSL), Tom W. Christiansen (styremedlem), Ingunn Romundstad Innerdal (nestleiar), Bjarne Storset (kurskomitéen)  og Inger Lise Kaldhol (leiar). 
Fråfall: Ida M. Birkhaug (YLF), Britt Ingunn Hana, Jessica Eik (LSA), Ligita Lamina (NAMF)

1. Godkjenning av innkalling og sakliste. 
Ingen merknad.

2. Val av referent.
Inger Lise Kaldhol blir referent. Ingunn R. Innerdal blir møteleiar.

3. Gjennomgang av referat møtet 21.03.18.
Ingen merknad.

4. Nytt frå yrkesforeningane.

OF: Det har nettopp vore vårmøte. Det blir lokale tekst (B-avtale) og lønnsforhandlingar i neste veke. Det er framleis mykje uklart i fht den nye spesialistutdanninga. I tariffkonferansen var det fokus på seniorpolitikk. Henning Sandsmark har blitt hovudtillitsvalt i Ålesund. Det er framleis ikkje på plass i Kristiansund. Det blir jobba med etter lønnsforhandlingane.
Eigne hjelpeturnusar om sommaren har vore ei krevande løysing, og ein har hatt ønske om ei ordning med vakansvakter i staden for slik dei har ved St.Olav. Dette har ein no fått ein avtale om.
YLF og OF skal forhandle lønn saman i år. Nytt for YLF at ein skal forhandle lokalt.

LVS: Det har nettopp vore årsmøte. Ein er ikkje heilt fornøgd med avtalen ein har for dei som jobbar delvis klinisk og delvis som stipendiat.

PSL: Regional plan for avtalespesialistar i Midt-Norge skal på plass. To avtalespesialistar, to psykologspesialistar, ein fastlege og ein brukarrepresentant er med i ei referansegruppe for planen. Det er utfordrande å få påverke planen. Det ser ut til å bli fire nye avtaleheimlar no snart: øye i Ulsteinvik, gastro i Ålesund, hud i Molde og ØNH i Volda. I tillegg blir det ein ny psykologheimel.

AF: Tidsbrukundersøkinga viser at snittet ligg på 56 timar i veka. Utfordringar med rekruttering. Konferanse resulterte i at ein skal prøve å samkøyre det ein seier frå Trønderopprøret og legeforeninga. Det har det blitt einigheit mellom legeforeninga og KS om revidert SFS 2305. Mediefokus på takstjuks. Normaltarifforhandlingar no.

5. Årsmelding-til godkjenning.
Gjennomgang av årsmelding. Korrigerer og fullfører. Godkjent.

6. Årsmøte-planlegging og invitasjon.
Bjarne kjem med forslag til kursprogram. Helsevesenet og media-skjønnheten og udyret?
Spør Nils om korleis vi gjer det med det økonomiske.
Invitere Tom Ole Øren og (Jon Helle). Alternativ Christer Mjåset.
Vi må minne folk på det.
Sakliste og innkalling-kommuniser med Bjarne frå 28.mai.

7. Forslag til valkomitee.
Svein Anders Grimstad, Lars Tore Nerbøvik-spør om gjenval, spør Ida om ein sjukehuslege i Molde.

8. Aktivitetar-til orientering.

●        Samlingar for LIS1 ved sjukehusa
●        “Hurtigrutekonferanse” 16.-18.oktober i Kristiansund●        Helsepolitisk konferanse,
Trondheim, 3.desember
●        AF medlemsmøte om fastlegekrisen i Ålesund og Kristiansund
●        Regionsutvalgsmøte

9. Facebook og nettside-til orientering   

10. Eventuelt. 
Luftambulansetenesten.
MedHum- vi gir 20 000 kr til innsamlinga som kjem på landsstyremøte.