Referat fra styremøte i Møre og Romsdal legeforening 21. mars 2018

Til stades: Ida M. Birkhaug (YLF), Eigil Sandvik (AF) , Nils Ringdal (PSL), Tom W. Christiansen (styremedlem), Ingunn Romundstad Innerdal (nestleiar), Bjarne Storset (kurskomitéen), Jon Sverre Aursand, Jessica Eik (LSA) og Inger Lise Kaldhol (leiar). 
Fråfall: Dag Brekke (LVS),  John Kristian Høye (OF), Ligita Lamina (NAMF)

1. Godkjenning av innkalling og sakliste. 
Nils Ringdal har meldt inn to saker til eventuelt.

2. Val av referent.
Inger Lise Kaldhol blir valt som referent. Ingunn R. Innerdal blir ordstyrar.

3. Gjennomgang av referat møtet 14.02.18.
Ordet “utsatt” manglar sist i sak 5. Dette blir retta. Referatet blir så godkjent.

4. Nytt frå yrkesforeningane. 
AF: Ekstra tariffkonferanse mandag denne veka for å legge ein plan for korleis ein skal gå fram i forhandlingane. For å møte utfordringane med manglande rekruttering, fråfall og dårleg økonomi i ordninga. Styret i legeforeninga presenterte sine forslag. Redusere til 1100 listeinnbyggjarar som full praksis. Ulike forslag til økonomisk løysing. Ønskar i hovudsak å halde på noverande modell, men ein auke i basistilskotet, særleg på første delen på lista. Eige grunntilskot til nyoppstarta heimlar. Brudd med KS i særavtaleforhandlingane.
Spørsmål frå allmennlegeforeninga om dei kan kome på møte for å orientere. Ventar på nye datoar. Viktig at når datoane er klar at det kjem ut beskjed til medlemmane raskt. Det blir kveldsmøter frå kl 18. Møre og Romsdal legeforening får utgifter til lokale og mat.
Eigil blir landstyrerepresentant for AF. 

YLF: Alle LIS1 samlingane er no gjennomført. Gode tilbakemeldingar på dette. Ønske om at dette blir vidareført som eit fast innslag. Arbeidet med utviklingsplanen er no avslutta. Det er ikkje nokon vidare plan for korleis ein skal jobbe med den byggningsmessige delen av utviklingsplanen.
Snart klar for forhandlingar, YLF og OF samarbeidar.
Ny spesialiststruktur med mange læringsmål, men ikkje lenger prosedyrekrav og nasjonale kurs. OS har sagt at ein skal halde på dette likevel, og det ønskar YLF at ein også skal gjere i Møre og Romsdal. Lite struktur på kva som skal ligge i spesialistutdanninga i Møre og Romsdal. Før 1.januar 2019 må HMR ha sendt inn søknad på alle dei spesialistutdanningane dei vil ha. Kvar avdeling prøvar å finne ut for seg korleis dei skal løyse denne utfordringa. Ida vil ta opp dette i møte med leiinga i HMR. Om dette ikkje fører fram bør det løftast. Kanskje i form av eit brev? Involvere styret? Ei utfordring med høgt sjukefråver i HMR. 

LSA: Skal jobbe med å få tak i ny vara når Jessica sluttar i juni. Vi foreslår at ho spør Jonas Vegsundvåg. 

OF: Det har blitt valt ny hovudtillitsvalt i Ålesund. Ein augelege, vi veit ikkje kven. Det blir no jobba med ny hovudstillitsvalt i Kristiansund. 

PSL: Det blir framleis jobba med å få nye avtaleheimlar. Det har ikkje kome noko tilbakemelding på kor mange det blir i Helse Midt-Norge, og då heller ikkje kor mange nye som kjem i Møre og Romsdal.

Kurskomiteen: Kurs i voksenpsykiatri i Ålesund i april, Kvalitetssikring i slutten av mai.

5. Forhandlingar (lønn, utjamning).
Det er framleis ein del lønnsforskjellar i gamle Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal. Vi ønskar å ha dette utanfor potten for lønnsforhandlingar fordi det var satt av pengar til dette når helseføretaka blei slått saman.
Det er snart klar for forhandlingar, YLF og OF har lagt ein strategi. Rekruttering er det viktigaste for YLF.

6. Høyringsuttale pakkeforløp psykiatri.
Forslaget til uttale blei godkjent. Inger Lise sender inn uttalen.

7. Aktivitetar.

●        Ledersamling 17.-18.januar-kort samandrag
●        Samlingar for LIS1 ved sjukehusa
●        “Hurtigrutekonferanse” 16.-18.oktober i Kristiansund
●        Helsepolitisk konferanse, Trondheim, 3.desember
●        AF medlemsmøte om fastlegekrisen i Ålesund og Kristiansund
●        RU: Gjennomgang av referatet frå sist møte i RU. Ei endring i samansetning. Ingunn kjem inn som fast representant for Møre og Romsdal.

8. Facebook og nettside 
Facebook: Forskjell på gruppe og side. Kanskje er det ei gruppe vi vil ha. Kan brukast til å annonsere arrangement. Vi ber Bente slette sida og opprette ei gruppe. Alle i styret skal vere administratorar. Alle må bidra til å invitere inn kollega.
Vi bør også ha ei heimeside. Bente kan redigere denne, men vi kan ikkje forvente at ho skal ta eige initiativ til kva tekst vi skal ha. Det har ikkje kome inn referat frå styremøte på heimesida på fleire år. Vi ber Bente ta tak i dette.

9. Årsmøte-planlegging og invitasjon.
Det er reservert rom og lokale på Union Hotell i Geiranger 7.september-8.september.
Kva kurs skal vere? Ingvar Willhelmsen? (Tillitvaltkurs) Beslutningsteori? Sjekke med høgskulane? Edvin Schei? Nettkurs på NEL om klinisk beslutningsteori?
Når bør førebels invitasjon ut? Kan sendast ut med ein gong.
Tur til Skageflå på laurdag. Kurs fredag og laurdag. Årsmøte kl 17.30.
Kven skal vi invitere? Marit Hermansen. Invitasjon kan sendast med ein gong.
Hugs årsmelding. Val av valkomite. Styret må kome med forslag til valkomite.

10. Lederkurs-i samarbeid med Nord Trøndelag og Sør Trøndelag legeforening? 
Kan jobbe vidare med ideen. Kan det vere ein del av hurtigrutekonferansen?

11. Eventuelt. 
Intern høyring om legeforeningens alkoholpolitikk- Møre og Romsdal legeforening vil gå for alternativ 6. For oss ser vi to særleg anledningar i løpet av eit år: årsmøte og juleavslutning. Inger Lise leverer inn høyringsuttalen.
Førebels årsrekneskap blir godkjent av styret.

Neste møte blei flytta til 15.mai

Vi gledar oss over at Bjarne har blitt valt inn i styret i Møre og Romsdal og at Tom W. Christiansen får løvetannprisen.