Referat fra styremøte i MRLF 22. november 2019

Sted: Gamle Angvik Handelsted
Tid: 22.11.19 kl. 16.30 -18:30

Til stades: Ingunn R. Innerdal, Bjarne Storset, Nils Ringdal, Erik Kjetså, Igor Jokic , Eigil Sandvik, Dag Brekke, Jon Sverre Aursand og Brit Ingunn Hana.

1. Godkjenning av innkalling og sakliste.

2. Valg av referent. Brit Ingunn Hana blir valt som referent

3. Godkjenning av referat frå styremøte 14.10.19.
Referatet blei godkjent utan merknad.

4. Nytt frå yrkesforeningane:
 OF; 
●      HMR har ikkje hatt gode kontrakter for arbeid med doktorgrad, det blir nå arbeidd med faste retningslinjer for dette.  Pr. i dag har HMR 42 Phd kandidatar.
●      OF manglar framleis hovedtillitsvalgt i Molde og Ålesund.
●      HMR ynskjer å endre vaktordninga ved anestesiavdelinga i Kristiansund. Pr. i dag går overlegane (5 stk) i aktiv vakt. Dette reduserer aktivitet på dagtid, og ein ynskjer derfor passiv heimevakt. For å sikre forsvarleg drift blir rutinar for når anestesilege skal varslast vurdert.

YLF;
●      Det har vore tariffkonferanse veke 47. Årets lønnsforhandlingar for YLF skal skje sentralt, OF lokalt. Ynskjer å prioritere endring av kompetanse i lønnsstigen, f.eks. skifte av spesialitet.
●      Diskuterer prøveprosjekt på medisinstudiet med desentralisert studium. 3. og 4 års studentar kan vere i Ålesund, og legar med dr. grad skal veilede desse. Omfattande prosjekt. Ikkje udelt positive oppfatningar knytt til erfaringar med liknande prosjekt.

AF;
●      Gjennomgang av fastlegeordninga. Auke i oppgåvemengda med nedbygging av institusjonar gir stort arbeidspress. Økonomisk utrygghet, sosiale ordningar og stor arbeidsbelastning fører til at fleire vil ut. Diskrepans mellom administrasjonen i kommunane si oppfølging og fastlegane sin eigen opplevelse av situasjonen. Handlingsplanen frå ministeren oppleves usikker, vil den belyse konsekvensane for pasientane? 
●      5. desember: Fastlegedagen. Den skal markerast.
●      Vaksinering i apotek. Uavklarte ansvarsforhold. Kven har ansvaret viss pasienten får ein allergisk reaksjon på apoteket? Apoteket tar 400 kr for vaksine medan taksten på  legekontora er 200 kr.
●      Prosessen med etablering av DMS i Kristiansund er i gang igjen. Joakim Varvin har overtatt som prosjektleiar.

Norsk arbeidsmedisinsk foreining
●      Foreininga har ikkje ny tillitsvalt

Leger i vitskaplege stillingar;
●      Få medlemmer i fylket, ikkje noko nytt å meddele.

PSL;
●      Det har vore medlemsmøte og Ingrid Prytz Berset skal tiltre 1. januar som hovedtillitsvalgt i PSL og fast medlem i styret i Møre og Romsdal legeforening. 1. vara: Thor Henry Andersen 2. vara: Jon Ståle Ritland. Tiltrer 01.01.2020. Ringdal forset som kasserar inntil vidare.
●      Det kjem nye hjemlar, men uklart kva som skal prioriterast.

Kurs komité;
●      Reidun Svaas går nå ut av komiteen
●      Det er planlagt fleire ulike kurs i ulike deler av fylket for 2020


4. Nytt frå Helseplattformen:
 Det har vore informasjonsmøter på alle sjukehusa. Saka blir tatt vidare neste gang.

5. Nye nettsider.
Drøfter korleis vi presenterer informasjon om styremedlemmer. Kvart enkelt  styremedlem må rette sin eigen profil på DNL sine nettsider. Informasjonen derifrå blir lagt ut som informasjon om styremedlem i Møre og Romsdal legeforening.

6. “Lege for leger”- ordninga.
Gammal liste med namn på legar og informasjon ligg ute på Legeforeninga sentralt sine nettsider. «Lege for leger»- ordninga blei avvikla i 2001, da Fastlegeordnignen ble innført.
«Lege for leger»-ordningen vedtas avslutta og Ingunn R. Innerdal informerer sentralt om at sida skal slettes.

7. Årshjul:
●      Lokalforeningsseminar: Øyvind Dreier Haldorsen deltok på vegne av styret.
●      Helsepolitisk seminar 06.12.19. Ingunn Innerdal, Erik Kjetså og Eigil Sandvik deltar.
●      Samling av foretakstillitsvalgte i Storfjord 13. januar 2019. Den nye direktøren i HMR Øyvind Bakke og HR sjef HMR Kjetil Hjelset deltar.
●      Styrekompetansekurs Trondheim BI 04.02.20-05.02.20. Program er lagt ut. Følgjande er påmeldt; Ingunn Innerdal,  Erik Kjetså og Eigil Sandvik.
●      Styremøter våren 2020: 21.01.20, 25.02.20, 24.03.20, 28.04.20, 02.06.20.

9. Søknader:
●      Pleiemedhjelperkurs NMF Trondheim. Sidan kurset allereie har vore arrangert avslår vi dette i år.
 

10. Eventuelt:
●      Økonomi; Nils Ringdal gjennomgikk årsmøtevedteke godtgjersle til styremedlemmane.
●      Sekretærfunksjon – arbeidsvilkår, lønn osv.
●      Representasjon til RU: Viktig med geografisk fordeling av representantane.  Bjørn Buan er valt til leiar av RU
 

Saker til neste møte:
●      Hovedarbeidsområder
●      Sekretærfunksjon.
●      Vurdere innkalling til styremøte: - representant for støttekollegaordninga – representant frå legevaktspilot Romsdal – Ny adm. dir HMR.