Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2019

Referat fra styremøte i MRLF 5. februar 2019

15. februar 2019

Tid:                      5.februar 2019 kl 16.30-20.00
Stad:                   Vestnes fjordhotell

Tilstades: Nils Ringdal, Tom W. Christiansen, Eigil Sandvik, Ingeborg Henriksen, Brit Ingunn Hana, John Kristian Høye, Ingunn R. Innerdal, Bjarne Storset og Inger Lise Kaldhol.

På sak 3: Anne-Lise Sagen Major (prosjektleiar HMR), RAG-leiarane i fylket: Atle Betten, Orkide, Tommy Dahl (Søre Sunnmøre) og Helge Storøy (ROR).

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
    Innkalling og sakliste blei godkjent. 
2. Val av referent

Inger Lise Kaldhol blei valt til referent. Ingunn R. Innerdal ordstyrar.

 3. Helseplattform
Tema: Organisering i Møre og Romsdal og fylkeskontor, involvering av fastlegar, sjukehuslegar og avtalespesialistar. Korleis kan legeforeninga lokalt bidra?

Anne-Lise orienterar om bakgrunn for helseplattform og innføringsprosjektet:

●        To grupper blir viktige i fasa fram mot 2021, fagekspertar (delvis frikjøpte klinikarar)  og løysingsbyggarar (100% stillingar).
●        Involvering av RHF-legar: Ca 20 årsverk i 40-60% og ca 20 årsverk i 20% stilling. Ikkje avklart fordelinga innan RHF. Gruppene skal vere tverrfagleg samansett.
●        Involvering av fastlegar: Koordinator (40-100%), to fastlegekontor som pilotar, 8 fagekspertar i 25% stilling, to av desse i Møre og Romsdal, desse skal danne ei konsensusgruppe.
●        Fylkeskontoret er virtuelt, lokal LAG leiarar og prosjektleiar HMR. Håpar å knytte til fagekspertar.
●        Det blir eit eige AS, Helseplattform AS, som skal eige programmet. Beslutningsstruktur kommune: ⅔ Trondheim, ⅓ Opsjonskommuner. Fire nivå.
●        Meir informasjon i presentasjonen frå Anne-Lise her

Moment frå diskusjonen:
Vi håpar at vi klarer å rekruttere til både fagekspertar og løysingsbyggarar i Møre og Romsdal. Slik det ser ut no, blir løysningsbyggarane i Trondheim.

Inntrykket til styret er at mange medlemmar framleis har fått for lite informasjon om prosjektet.

Vi ser utfordringar med systemet: struktur versus valfridom. Kjem bruken av journalen som verktøy til å endre seg når innbyggjarane skal kunne lese i journalen?

Det er viktig å sikre informasjon til dei tilsette i helseforetaket. Dei tillitsvalte kan bidra til å spreie informasjon.

Kanskje kan ei god løysing for innkreving av pengar finansiere mykje av kostnadane med IT system for fastlegane?
Legeforeninga kan bidra med å jobbe med rekruttering til fagekspertstillingane.

Vedtak: Styret oppfordrar Lars Hasselgård og Eirik Ytterland til å søke på fagekspertstillingane i Møre og Romsdal. Styret ber om at det blir skaffa lønnsmidlar til frikjøp av to fastlegar til i Møre og Romsdal, ein på Søre Sunnmøre og ein på Nordmøre. Vi meinar at desse fire stillingane bør knytast til det virtuelle fylkeskontoret

4.  Godkjenning av referat møtet 30.11.18
Referatet blei godkjent med ein korreksjon.

5. Nytt frå yrkesforeningane-utsett

6. Orienteringssaker-utsett

7. Årsmøte 2019-utsett

8. Søknad om støtte-utsett

9. Møteplass Møre og Romsdal

Det har kome spørsmål om Møre og Romsdal legeforening vil publisering retningslinjene på nettsidene og i facebookgruppa til foreninga.
Vedtak: Møre og Romsdal legeforening some fagforeninga kan ikkje stå som er ansvarlege for ei slik publisering. Styret meiner retningslinjene bør publiserast gjennom linjeorganisasjonen i kommunane og i Helse Møre og Romsdal.

10. Styrekompetanskekurs
Samarbeide om kurs med STLF og NTLF. Inger Lise og Ingunn orienterar.

Vedtak: Styret i Møre og Romsdal legeforening er positive til å samarbeide med lokalforeningane i Trøndelag om eit styrekompetansekurs. Styret vil evaluere ordninga etter første gjennomføring før vi forpliktar oss til vidare kurs. Styret oppfordrar til at vi bør sjå litt på korleis det best praktis kan organiserast for at det utgiftene til foreninga ikkje skal bli så store.

11. Støttegruppe for leger-utsett

12. Eventuelt

Sak frå PSL
Utfordringar med tilsetting av ØNH-spesialist i Volda. Avgjerda blir forsøkt omgjort. Styret meinar saka bør sendast over til juridisk avdeling i legeforeninga.

HMR-kuttsituasjonen
Ingeborg orienterar om hovudtrekka om kva som er tenkt. Effektivisering via standarisering, kutt i meirtid, kutt i sengar til rehabilitering, psykiatri og medisin. Utfordrande med rekruttering og samarbeid med kommunane.

Sjølv om det er vanskeleg, opplevast det som positivt, at kuttforslaga denne gongen i alle fall er konkret. HMR har blitt samanligna med VestreViken, høgre kostnadar per DRG i Møre og Romsdal. Deilotte er inne som konsulentar til leiinga.

Styret diskuterar situasjonen og vurderer korleis vi bør engasjere oss i saka.
Vedtak: Styret ber Ingunn R. Innerdal kome med eit forslag til ein uttale frå styret.