Referat fra styremøte i MRLF 13. november 2020

Tid: 13.11.20 kl. 16.30
Sted: Gamle Angvik Handlested

Til stades: Erik Kjetså, Dag Brekke, Eigil Sandvik, Nils Ringdal, Tom Willy Christiansen, Inger Lise Kaldhol, Jon Sverre Aursand, Bjarne Storset, Ingunn Innerdal og Brit Ingunn Hana (ref.)

1.     Møteinnkalling og sakliste blei godkjent.

2.     Brit Ingunn Hana blei valt som referent.

3.     Referatet frå styremøtet 27.10.2020 blei godkjent.

4.     Høyringsuttalelse Magnussen-2-modellen/inntektsfordeling i Helse Midt-Norge (HMN).
·      Styret i Helse Møre og Romsdal behandla inntektsfordelingsmodellen denne veka, og har godkjent direktørens forslag til høringsnotat. I notatet poengterast at HMR meiner HMN må dokumentera dei auka utgiftene St. Olavs Hospital HF meiner å ha, ut over ny fordelingsmodell, før eit eventuelt regionssjukehus-særtilskudd kan vedtakast.
·      Styret i Møre og Romsdal legeforening behandla saka og vil kome med eigen uttale. Eirik Kjetså fortset arbeid med uttaleutkast. Eit viktig poeng er at HMR over fleire år har hatt underskot. St. Olavs Hospital HF driv med overskot, samstundes som dei driv mindre effektivt.

5.     Helseplattformen
·      Styringsgruppe for fastlegar: Helseplattformen AS har sendt brev (27.10.20) til Møre og Romsdal legeforening med spørsmål om kandidat til Styringsgruppe for fastlegar. Fastlege Christian Vold i Kristiansund har takka ja til å sitte i gruppa. Det poengterast overfor Helseplattformen i svarbrev, at Chirstian Vold ikkje har ei formell rolle som tillitsvalt. 
·      Det er usikkert kor lenge innføring av Helseplattformen blir utsatt i forhold til opprinneleg plan. 

6.     Brev fra DNLF ved president Hermansen/generalsekretær Rise:
Avsetting av budsjettmilder til tillitsvaltarbeid.

·      Hovudfokus i brevet er at det er viktig å styrke dei lokale tillitsvalte slik at vi får engasjerte og profesjonelle tillitsvalte. Ut i frå høringer på rapport om lokalforeningane høsten 2019, får lokalforeningane pålegg om å setta av midlar til å støtte opp om lokale tillitsvalte.

·      Legeforeningen har gode tillitsvaltkurs sentralt og det er god opplæring der. Styret i Møre og Romsdal legeforening oppfattar tillitsvaltopplæringa i hovudsak som eit sentralt ansvar.

·      Lokalforeininga vi forsette arbeidet med å skape treffpunkt for lokale tillitsvalte. Både i sjukehus, men også i dei andre yrkesforeiningane.

·      Aktuelle tiltak er kveldsmøte/medlemsmøte for ulike yrkesforeningar, kor MRLF dekker kostandane til lokale og bespisning. Større kurs kan ikkje organiserast lokalt, da det ikkje vil bere seg økonomisk, dersom MRLF må betale praksiskompensasjon til mange legar.   

Lokalforeiningsleiarane i Midt-Norge vil truleg svare ut dette brevet samla. DNL er ei fagforeining og ei fagforeining treng lokalt nettverk. MRLF må i årsmelding og rekneskapen vise kva midlande vert brukt til.

7.     Tillitsvalt arbeid 
·      Korleis rekruttere tillitsvalte til verv? Vi mangler tillitsvalt for OF på begge dei to største sjukehusa i fylket.
·      Korleis vere ein aktuell lokalforeining for alle tillitsvalte? Må komme tilbake til dette i arbeidet våren 2021.

8.     Vedtekter for MRLF blei godkjent i sentralstyremøte i DNLF 19.10.20.

 

9.     Årshjul: Orientering
·      Erfaringskonferanse DNLF Covid-19: Gjennomført 16.10.20.
·      Styremøter våren 2021:  Januar (teams), tidleg mars, sein april og juni.
·      Lokalforeningsseminar: Digitalt 19.11.20-20.11.20. 
·      Landsstyremøte DNLF del II: 30.11.20-01.12.20. Digitalt.
·      Helsepolitisk seminar: Utsatt til 25.03.21
·      Regionutvalet: Dialogmøte med Helse Midt-Norge RF 20.11.20.

10.  Status yrkesforeiningar og kurs komité
YLF og OF: Forhandlingane er sluttført. Lokale B-delsforhandlingar blir forskyve til våren. Ramma nasjonalt 1,7. Noke betre lokalt, tilsvanrand ca. 2% i forhold til basislønn. LIS 1 er inkludert som legar i spesialisering.
Vidare er det bestemt at kost og losji på obligatoriske kurs skal dekkast av arbeidsgivar.
Drift HMR: Utfordringar innan Klinikk for psykisk helse og rus blei nemnd og prosjektet SNR går mot betydeleg rammeoverskridelse.
AF: Rikslønnsnemda tar truleg opp legevakt-saka i februar. Departementet har kome med nytt lovforslag som vil kunne utvide Rikslønnsnemdas mandat. Truleg går saka til Arbeidsretten.

Kurs komiteen: Det er ynskje om ny kursportal som samordnast i heile Midt-Norge. Se sak under eventuelt.

11.  Eventuelt. 
·      Leiar i kurskomiteen presenterte ynskje om ny kursportal. Den nye kursportalen blir drifta av Nordland legeforening. Dei vil krevje eit gebyr på 100-150 kr pr. kursdeltakar.
Portalen vil lette arbeidet med kursorganisering mykje. Til dømes blir registrering, innkreving av kursavgift og generering av kursbevis gå automatisk. Ynskje om ny kursportal har også vore omtalt i tidlegare styremøte, men ein har ikkje treft nokon slutning.

Ny kursportal vil ikkje påføre MRLF ekstrakostnadar, sidan det er kursdeltakarane som vil betale eit gebyr. Leiar i kurskomiteen Storset får i oppgåve å forhandle fram gebyrets størrelse. Etter drøfting vedtek styret å innføre ny kursportal.  

·      Nils Ringdal informerte om styrehonorar.