Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2020

Referat fra styremøte i MRLF 2. juni 2020

20. august 2020

Stad: Vestnes Fjordhotell kl. 16:30 -20:00
Til stades: Ingunn R. Innerdal, Bjarne Storset, Eigil Sandvik, Erik Kjetså, Dag Brekke, Nils Ringdal, Ingrid Prytz Berset, Tom Willy Christiansen og Øyvind Dreijer Haldorsen.

1. Møteinnkalling og sakliste blei godkjent.

2. Brit Ingunn Hana blir valt til referent.

3. Godkjenning av referat frå styremøte 19.05.20.
Referatet blir godkjent med nokre få endringar.

4. Samarbeid mellom HMR og avtalespesialister.
Prinsipiell diskusjon om bruk av avtalespesialistar og avtalespesialistar versus private spesialister/aktørar utan refusjon frå HELFO.

Styret i Møre og Romsdal legeforening har via fleirårig PSL tillitsvalt Nils Ringdal arbeidd for fleire avtalespesialistar i Helse Møre og Romsdal. Styret meiner at avtalespesialistane framleis skal vera ein viktig del av den offentlege spesialisthelsetjenesta. Det er særs viktig med eit godt samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og avtalespesialistane slik at dei riktige pasientane blir behandla på rett plass og at kapasiteten både i sjukehus og i avtalepraksis vert utnytta best mogleg.
Dette vil være tema også vidare i fellesmøte med leiinga i Helse Møre og Romsdal.

5. Klinikk for psykisk helsevern og rus, HMR.
Tidlegare klinikksjef i Klinikk for psykisk helse og rus sa opp si stilling i mars. Stillinga til ny klinikksjef er nå lyst ut. Klinikken har økonomiske vanskar og kapasitetsutfordringar. Hovudfokus frå leiinga blir dei økonomiske utfordringane, og løysing på desse, utan at faglege råd får styre prosessane.

6. Årsmøte:
a. Status: Middag. Informasjon. Bestilling for middag skjer via påmelding.
 Kristiansund; Brasseriet, bestilt for 15 personar, kr. 625,- pr. person
 Molde; Molde Fjordstuer, bestilt for 15 personar, kr 595,-pr. person
 Ålesund; Apotekergata nr 5, bestilt for 15 personar 695,- pr. person
 Volda; ikkje funne aktuell matservering enno, Eirik Kjetså undersøker vidare
b. Dei som er tilstades signerte rekneskapet, dei fråverande får det tilsendt.
c. Forslagvalkomité: Bjarne Storset, Stian Endresen + et medlem frå HMR, Molde
d. Vedr. årsmøtepapira orienterer Ingunn Innerdal om tilbakemeldinga frå sekreteriatet i DNL vedr. vedtekter for Møre og Romsdal legeforening. Forslaget til vedtekter vart bestemt endra i samsvar med råd frå sekreteriatet angående kva lokalforeining eit medlem høyrer heime.

7. Nytt frå yrkesforeningane og kurskomiteen.
YLF: Orienterer om at det er krevande å ha nok spesialistar i gynekologi for å oppretthalde fullt tilbod for gyn/ føde både i Molde og Kristiansund. To overlegar frå Kristiansund i gynekologi går av med pensjon like over sommaren.
HMR har eit effektiviseringskrav på 80 -90 mill. årlig fram til 2025 for å oppretthalde nok likviditet. Det synest viktig å sjå ting i lengre perspektiv, det er ynskjeleg at det ikkje blir nye rundar kvart år som er demotiverande for dei ansette.
Ei langsiktig plan med god økonomistyring og god fagleg utvikling er viktig.
Almennlegeforeningen: Det er kalla inn til eit ekstraordinært landsmøte. Mange meiner at tiltakspakka frå regjeringa ikkje inneheld nok økonomi og dette skal opp på landsstyremøte neste veke. Fleire i styret gir utrykk for at det oppleves uklokt å handtere det slik, i staden for å gi ros for at dette kan vere ein god begynnelse.
PSL: Viser til avsnittet over om avtalespesialistar og samarbeid med HMR.
LVS: Ingen store nyhende. Foreningen har få medlemmer i Møre og Romsdal.

8. Plan for hausten 2020.
 Møte på Teams 18.august 2020 kl. 17:00 – 20:00
 Styreseminar 30 september 2020 Storfjord frå kl. 14:00
 To møter til på hausten inkl. julemøtet.

9. Årshjul:
 Digitalt Landsstyremøte 27.05.20. Kort orientering frå dette.
 Årsmøte 03.09.20. Viser til info over.

10. Eventuelt.
Det blei lita tid til å drøfte struktur på årshjul, kva kan vi handtere digitalt, kor ofte skal vi møtast osv. Tema til styreseminaret?