Referat fra styremøte i MRLF 24. mars 2020

Referat frå styremøtet i Møre og Romsdal legeforening
Tid: 24.03.20 kl.17:00
Stad: Møte i Microsoft Teams

Til stades: Ingunn R Innerdal, Nils Ringdal, Tom Willy Christiansen., Bjarne Storset, Ingrid Prytz Berset, Kai Grimstad, Eigil Sandvik, Kai Grimstad, Erik Kjetså, Øyvind Dreier Haldorsen, Brit Ingunn Hana (ref)

Saksliste:
1. Møteinnkalling og saksliste blei godkjent.

2. Brit Ingunn Hana blei valt som referent.

3. Referatet frå 25.02.20 blei godkjent.

4. Situasjonen Covid -19
 Avtalespesialistar; Situasjonen engasjerer stort. Reduksjon i drift (ulikt blant ulike spesialister) og smittehygieniske tiltak innført. Kontrollar blir forskjøve. Ferre henvisningar. Aukar risiko for at diagnostikk og behandling av ulike tilstandar vert utsatt. Erik Ljåen diskuterer dette med direktoratet med ynskje om klare retningslinjer for kva retningslinjer ein skal arbeide etter vidare.
 Allmennleger: Betydelig red. drift på legekontora .Fastlegen ser få pasientar kvar dag, det meste er telefon-/ videokonsultasjonar, for å vurdere behov for oppfølging. Vaktoppsett, lønn ved karantene osv. må diskuterast. Arbeidas både lokalt og sentralt med desse spørsmåla. Fleire leger jobbar på kommunalt nivå. Det blir oppretta avdelingar på sjukeheimar som kan ta imot pasientar med Covid -19 smitte.
 Spesialisthelsetenesta; Sentral avtale mellom Spekter og Legeforeningen som mellom anna reduserer varslingsfrist til tre dagar ved endring i tjenesteplan og reglar for omdisponering av personell. Smittevernutstyr og status på dette er betre. Elektiv drift avlyst, for å auke kapasitet og redusere smittetrykket inn i sjukehuset. God kapasitet. Endringar blir gjort i vaktlaga, f. eks. doble vaktlag, Saknar klare retningslinjer frå leiinga vedr. testing av tilsette osv. Informasjon om korleis vi skal nytte smittevernlova i forhold til psykisk helsevernlova.
Møre og Romsdal legeforening bør formidle at helsetenestene er viktig å halde i gang. Pasientane må ikkje nøle med å ta kontakt når dei kjenner behov for hjelp og har symptom.
Diskusjon i styret om smittesituasjonen og styresmaktenes strategiar.

5. Årsmøte
a) Gjennomgang av plan, sikre at vi har muligheit for avbestilling av hotell. Avbestillingsavtale etterspørjast hos organisasjonssekretær Bente Grønnesby.
b) Rekneskap og budsjett: Status Nils Ringdal orienterer om dette. Rekningar frå tillitsvalte bør sendast slik det er bestemt innan 3 mnd, Regnskapet for 2019 er svært godt. Dersom hurtigrutekonferansen og årsmøte i Geiranger hadde blitt halde, hadde vi gått i balanse.
c) Valkomité: Bjarne Storset, dette tar vi vidare til neste gang.
d) Årsmelding: Ingunn Innerdal starter på denne. Årsmelding går frå 1. juli 2019 -30. juni 2020. Revisor vil ofte sjå ei årsmelding.
6. Styreseminar 28.04.20: Grunna covid-19-sitasjonen lagas ny tidsplan. Teams-møte frå 17.00-18.30 med adm.dir. Øyvind Bakke. Ordinært styremøte frå 18.30-20.00. Delen med SNR avlysast, samstundes som det bes om skriftleg tilbakemelding om SNR prosjektet frå prosjektsjef Gaupset.
7. Vedtekter. Forespørsel frå DNL om Møre og Romsdal legeforening har eigne vedtekter. Vi følgjer «normallover for lokalforeningar», kopi av DNL sine lover. Ingunn Innerdal og Brit Ingunn Hana lagereit utkast til eigne vedtekter, som etter styrets godkjenning bør oversendast arbeids og jus avd. i DNL før det blir vedtatt på årsmøtet i Møre og Romsdal legeforening.
8. Årshjul
a) Styreseminar 28.04.20 14:00-20:00: Sjå eiga sak.
b) Styremøter våren 2020; 24.03.30, 28.04.20 og 02.06.20, tar stilling til om vi må ha eit møte i mai neste gang.
c) Helsepolitisk seminar/ DNL satsningsområder/ tillitsvalt kurs: Alta 14.-16. september 2020. Sentralstyret deltar fram til lunsj tysdag.
d) Årsmøte 03.09.20. Seilet, Molde. Alternativ plan?
9. Nytt frå yrkesforeningane og kurskomiteen.
Kurs blir nå avlyst, kursa frå våren blir nå flytta til hausten.
10. Eventuelt
a) Neste gang blir innkalling lagt ut på både Teams og Google.