Referat fra styreseminar MRLF 30. september 2020

Sted: Storfjord Hotell

Til stades: Bjarne Storset, Eigil Sandvik, Ingrid Prytz Berset, Erik Kjetså, Nils Ringdal, Tom Christiansen, Igor Jokic, Ingunn R. Innerdal og Brit Ingunn Hana (ref.)

Styremøtet starta med eit styreseminar. Første del av styreseminaret omhandla Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Prosjektleiar for SNR, Ketil Gaupset, deltok saman med administrerande direktør Øyvind Bakke og økonomidirektør Heidi Nilsen frå Helse Møre og Romsdal HF (HMR). Andre del av seminaret omhandla HMR.   

SNR

Gaupset orienterte om prosjektet SNR og DMS Kristiansund, som nå skifter namn til SNR Kristiansund. Byggestart SNR satt til desember 2020, full drift planlagt mai 2024. Helse Møre og Romsdal HF er prosjekteigar, Sjukehusbygg HF er byggherre og gjennomføringsansvarleg, medan Skanska Norge AS er totalentreprenør.

Nyleg rapport frå det underdimensjonerte Sykehuset Østfold er gjennomgått, og Gaupset forsikra at drift i SNR er planlagt med lågare beleggsprosent og utnyttingsgrad.  Det blei spurt om klinikknære kontor for behandlarpersonale og antall barnesenger.
Det er planlagt 8 barnesenger inn i SNR. Vidare blei det presisert at forankring av planarbeidet i fagmiljøet er viktig. Sjukehusa i Molde og Kristiansund må inn i viktig OU-prosess.

HMR

Adm. dir. Øyvind Bakke orienterte om mange krevjande saker som nå har stort fokus i leiinga. 

Situasjonen med mangel på fagpersonell ved fødeavdelingane på nordsida. 
Rehabiliteringstilbodet innan spesialisthelsetenesta i HMR
SNR Kristiansund og kva spesialisthelsetenestetilbod som skal inkluderast. 
Felles klinikksjef for Molde og Kristiansund sjukehus/klinikksjef SNR.
Ambulansehelikoptertilbodet 
Finansieringsordningen; Magnussen 2 modellen, og arbeidet med denne. 
Situasjonen med Covid-19
 

Referat styremøte

1. Møteinnkalling og sakliste blei godkjent 

2. Brit Ingunn Hana blei valt til referent. 

3. Referat frå styremøte 18.08.20 blei godkjend.

4. Evaluere årsmøte 03.09.20

Det digitale årsmøtet ble gjennomført utan større problem. Årsmøtemiddagane var vellukka.
Nils Ringdal sender protokoll med reknskap og revisjonsberetning og beskjed om ekstra kontingent til legeforeningen sentralt.
Dei nye vedtektene skal registrerast i Brønnøysundregisteret etter at dei er endeleg godkjent av sentralstyret i DNLF.  

 5. Kasserer MRLF

Nils har vore kasserer sidan 1996. Han må etter kvart få avløysing, og styret vil be valkomiteen ta dette med i berekninga når dei kjem med forslag til samansetning på nytt styre i 2021. 
Ettersom Nils Ringdal også denne perioden har fungert som kasserer, vedtek styret at han får alle styrehonorar ut inneverande periode.

 6. «LIS 0»-kurs i regi av fylkeslegen? 

Leiar for praksiskonsulentane, Stian Endresen har meldt bekymring om auka antal medisinstudentar med legelisens, som arbeidar i kommunane i påvente av LIS1-stilling.

Covid-19-pandemien har medført at færre utanlandske legevikarar er tilgjengeleg. Det er ønskeleg at Fylkeslegen som er ansvarleg for LIS1-kurs i akuttmedisin, helserett og samfunnsrett også kan ha nokon plassar tilgjengeleg for LIS1-ventarane.
Ingunn Innerdal skriv til fylkeslegen og etterspør om dette er mogleg. LIS1-ventarane er medlemmer av legeforeningen, samtidig så kan deira virke dekke over behovet for LIS1, samt mangel på fastlegar.  


7. Høyringar: 

a. Helsehjelp til papirlause i Møre og Romsdal. Dette har vore lite problem hos oss, så vidt vi er kjent med, får alle den helsehjelp som trengs.

b. Revidert samarbeidsavtale kommunane og Helse Møre og Romsdal HF.

Møre og Romsdal legeforening peiker på at det er viktig korleis samarbeidsutvala er sett saman. Spesialistar, kommuneoverlegar og praksiskonsulent må vere representert. I dei faglege samarbeidsutvala bør representant frå Helseforetaket vere lege i relevant spesialitet. Jfr pkt. 5.4.1.

8. Årshjul: Orientering 

a. Erfaringskonferanse DNLF Covid-19: Påmeldingsfrist 01.10.20. 

b. Styremøter hausten: Julestyremøte: 13.11.20, Angvik Gamle Handelssted.

c. Lokalforeining-seminar: Digitalt 19.11.20-20.11.20. 

d. Landsstyremøte DNLF del II: 30.11.20-01.12.20 Lillestrøm. Styret anbefaler digital deltagelse.

e. Helsepolitisk seminar: Dette blir utsett til 25.03.21

f. Regionutvalet: 

i. Arbeidsseminar leiarane (STLF, NTLF, MRLF og RU) 16.10.20. 

ii. Dialogmøte med Helse Midt-Norge RF 20.11.20. 


9. Hovedarbeidsområder styret MRLF 2020-2021: Korleis vere ei aktuell lokalforeining for alle medlemmene? 

Sikre tillitsvalte i dei ulike posisjonane
Oppretthalde møteplassar
Bindeledd mellom DNLF og HMR
Helseplattformen
Lokalforening som er relevant for alle, medlemsmøte, tilstellingar?

10. Status yrkesforeiningar og kurs komité

AF:  
Det kan vere fare for streik blant kommunale legar. Pr. i dag er det brot i forhandlingane mellom AF, DNL og KS. Tvisten handlar om arbeidstid. Kor mykje legevakt kan arbeidsgivar pålegge allmennlegane pr. veke?
Krav frå legeforeninga er maks 7 t aktiv vakt eller 28 t beredskapsvakt pr. veke. Ut over det kan det gjerast lokale avtaler. Vidare ynskjer DNLF listetak på pasientar 1000  pr. årsverk, ikkje 1500 som i dag.
Ingeborg Henriksen har tatt initiativ til ALIS arbeidsgruppe i Møre og Romsdal

Of:
Rekruttering blir viktig framover og vi har truleg mykje å gå på vedr. dette. Bruk av vikarar er svært dyrt. Rekrutteringstillegg bør nyttast meir aktivt.

NAMF:
Mulig at det kjem på plass ei løysing for hovedtillitsvalt for forbundet. 

Kurs komité:
Fleire samlingar har vore digitale, jfr. elles oppsett plan. 

11.Eventuelt: Ingen saker blei drøfta under dette punktet.