Referat fra styremøte i MRLF 10. desember 2021

Referat frå styremøte 10.12.2021

Til stades: Ingunn Innerdal, Eigil Sandvik, Svein Anders Grimstad, María Eugenia Domínguez Pedroso, Kai Grimstad, Bjarne Storset, Tom Willy Christiansen, Ingrid P. Berset og Brit Ingunn Hana

 
1. Møteinnkalling og sakliste blei godkjent. 

2. Brit Ingunn Hana blei valt til referent.

3. Referat frå styremøte 02.11.21 blei godkjent.

4. Status yrkesforeninger og kurskomite
AF: Fastlegekrisa er ikkje løyst. Pr. i dag manglar 138 000 personar fastlege i Norge, 15 276 av desse bur i Møre og Romsdal. Det vises til Ot prp.nr.99 (1998-99) som omtalar suspensjon av fastlegeordninga, ved betydeleg mangel på fastlegar i eit distrikt. Suspensjonsordninga kan vare i inntil 1 år om gangen. Dette har aldri vore tatt i bruk, men har nå blitt diskutert av statsforvalteren i Trøndelag etter stor mangel på fastlegar i Trondheim.
Ved suspensjon vil legekontora ha plikt til å halde åpent i vanleg arbeidstid, og pasientane kan søke hjelp ved behov.

I tilleggsproposisjonen er det bevilga 100 mill.kr, det er ikkje tilstrekkeleg til å løyse utfordringane. Legeforeninga ser det som beste løysinga å auke basistilskuddet, for slik å kunne ha færre pasientar pr. liste og etablere fleire lister.  
Høgsterett har avsagt dom vedr. Legelisten.no.  Legar kan ikkje reservere seg. 
Namf: «Forenklet BHT ordning» har vore på høyring. Det er ynskjeleg med auke i arbeidsmedisinsk kompetanse, eit fagfelt det må satsast på.
LSA: Er det auka trykk og mas i forhold til smittevern frå den nye regjeringa? Kommunane må samarbeide om kommunelegefunksjonen. 
PSL: Helse Midt-Noreg legge tunge føringar på avtalespesialistane. M.a. er det krav om at dei skal jobbe 5 dagar / veke i 44 veker/ år. Det verker som eigar legg så strenge føringar, at ein kan miste aktuelle kandidatar. Samstundes er det ei vegring mot å opprette nye hjemlar i Møre og Romsdal. I tillegg har ISF finansiering vore drøfta.
OF: Foretillitsvalt deltek i mange ulike fora og arbeider med mange krevjande saker. 

Kurskomité: Planer for våren 2022:
Klinisk emnekurs i helserett veke 5 (2.og 3.febr.)
Emnekurs i kardiologi, veke 6
Kurs i normaltariffen i mars.  

5. Helseplattformen – status.
Representanter frå Helseplattformen har reist rundt i kommunane for å orientere.
Kostnadene for å få kommunane med, er enno ikkje klarlagt. 

6. Informasjon frå lokalforeningsseminaret legenes hus, november 2021.
Eitt av temaene var styreopplæring ved Anne Breiby, styreleiar St. Olavs Hosital
- Legeforeningens lover gjeld for lokalforeningane
- Lokalforeningane har eigne vedtekter som er styrande for eiga verksemd. 
Viktig å minne på at medlemmer kan ta kontakt med legeforeninga sentralt ved behov for støtte / bistand.

7. Landsstyremøte 2022: Forslag til aktuelle saker og helsepolitisk debatt. Intern høring, frist 31.01.22.
Tema til landsstyremøtet 2022. Viktige tema til helsepolitisk debatt:
- Fastlegeordninga
- Sykehus/ sykehusbygg

I tillegg har vi forslag om prioritering av psykiatri som eit tema for denne debatten. 

8. Tillittsvalgarbeid:
a. Korleis rekruttere tillitsvalgte til verv? Korleis markedsfører vi oss?
b. Kvar manglar vi tillitsvalgte?
YLF; Vi manglar foretakstillitsvalt for YLF i Møre og Romsdal
OF; Molde sjukehus manglar hovedtillitsvalt.  
LVS: Få medlem i fylket. Foreløpig ingen fylkestillitsvalgt.
c. Planar for møter i yrkesforeningane?
Styret i Møre og Romsdal legeforening oppfordrar til lokale møte i yrkesforeningane. Tidlegare er det fatta vedtak om å dekke utgifter til slike møte. 

9. Årshjul: 
a. Styremøter våren 2022: 25.01.22 (digitalt), 22.03.22 (fysisk?) og 10.05.22 (digitalt/fysisk).
b. Marsstyremøte –Ledelse HMR? SNR? Januarmøte diskutere tema til møte med leiinga i HMR
c. Leiarseminar 18.-19.01.22. Ingunn Innerdal deltek. 
d. Helsepolitisk seminar som var planlagt til 11.03.22. Dette blir utsett til desember 2022.
e. Landsstyremøte DNLF: 31.05.22-02.06.22. 
f. Årsmøte 2022, forslag fredag 2.09.22 Dette drøfter vi på møtet i januar

10. Eventuelt. 
Status regnskap v. Brit Ingunn Hana/Ingunn R. Innerdal
Det blir informert om utfordringar i regnskapssystemet. Styret godkjenner at det frå neste år skal innførast KID nummer på regningane, slik at overføringa vil skje automatisk. Kostnad 1500,- pr år og kr 1 pr. bilag. 

Søknad om støtte til tillitsvalgtmøte; Klinikk for psykisk helsevern og rus, HMR blir godkjent.