Referat fra styremøte i MRLF 19. januar 2021

Til stades: John Kristian Høye, Eigil Sandvik, Bjarne Storset, Erik Kjetså, Dag Brekke, Ingrid Prytz Berset, Tom Willy Christiansen, Inger Lise Kaldhol, María Eugenia Domínguez Pedroso, Øyvind Drejer Haldorsen, Nils Ringdal, Ingunn Innerdal (leiar) og Brit Ingunn Hana (ref.)

1. Møteinnkalling og sakliste ble gjennomgått og godkjent.

2. Val av referent: Brit Ingunn Hana blir valt til referent.

3. Referat frå styremøte 13.11.20 blei godkjent.

4. Status yrkesforeningane: Hovudpunkt vert referert.
AF: Hovedutfordringane er Covid-19 og organisering av massevaksinering.
OF/YLF, HMR: 
o   Fødeavdelinga i Kristiansund blir midlertidig stengt. Forsatt vekselvis opning mellom Kristiansund og Molde er vurdert ikkje forsvarleg av leiinga. HMR leiinga m. Adm.dir. Bakke har arbeid for at begge fødeavdelingane skulle være opne, men man har ikkje lukkast med å rekruttere gynekologar. Stengd fødeavdeling vil kunne ha ringverknadar for utdanning også av andre spesialistar (til dømes anestesilegar). 

o   Omorganisering av klinikk for kvinne, barn og unge, drøfting både før og etter jul. Spørsmål om barnehabiliteringa skal vere tilknytta barneavdeling eller følgje BUP? Bør PHV/ TSB ha større representasjon i leiargruppa?

o   SNR: Ramma for sjukehuset er foreslått auka til 5.7 mill. (5,95 mill. 2020 kr). Skal behandlast i HMN styret. Store pengesummar brukt på konsulentar. Ny ramme må godkjennast for framdrift i prosjektet. Skanska får fullføre grunnarbeidet. Ny anbodsrunde må gjennomførast grunna auka ramme. Funksjonane i sjukehuset fasthaldast, bruttoareal er redusert (dvs tekniske rom, kontor og noe behandlingsareal). Ei av hovudutfordringane er få klinikknære kontor.

LSA: Godt samarbeid rundt situasjonen med Covid 19
PSL: Frykt for covid19-smitte i avtalepraksis. Vil ha store konsekvensar (økonomisk, pasientbehandling). Foreløpig ikkje prioritert gruppe til vaksinering. Førespurnad er løfta både lokalt i HMR og sentralt.
Namf: Ny tillitsvalgt Pedroso vil få liste over medlemmene i fylket frå DNLF, slik at hun kan være i kontakt med medlemsmassen.

5. Status Covid19:
Pandemien har vore krevjande for alle, men det er godt samarbeid mellom ulike instansar. Vi må respektere politikarane sine prioriteringar. Kommuneoverleges rolle er styrka, og i fleire kommunar har stillingsprosent blitt auka.  

6. Plan for styrets arbeid våren 2021
- Arbeid for tillitsvalte: Medlemsmøter, anna? Alternativ til hurtigrutekurset? Møre og Romsdal legeforening har oppfordra til aktivitet når situasjonen tillet det. Dette inkluderer å gi støtte til medlemsmøte i yrkesforeningane.

- Regionutvalget: Samensetning, leder, Bjørn Buan. Buan har skifta hovudarbeidsgivar, og er ny kommuneoverlege i Surnadal. Buan inviterast til deler av neste styremøte i MRLF.
Helsepolitikk i Møre og Romsdal? Orientering om møtet 25.03.2021. Legeforeningen sentralt har laga ei valkamppakke. Målet er å sette helsepolitiske spørsmål på agendaen.

- Årsmøtet 2021. 4.-5. september? Møre og Romsdal legeforening er 160 år i år. Kan vi gjere noko meir ut av årsmøtet denne gangen? Vil pandemisituasjonen tillate fysisk møte? Foreløpig årsmøtekomité nedsett: Brit Ingunn Hana, Bjarne Storset (kurskomite), Ingunn R. Innerdal.

7. Legemiddeldugnad – rydding i reseptformidlaren  – Ketil Arne Espnes (farmakolog, St. Olavs Hospital HF)
Forespørsel om Møre og Romsdal legeforening  kan vidareformidle informasjon om «rydde-dugnad» i reseptformidlaren. Styret er positive til dette og Innerdal vil sende ut informasjon. 

8. Liste over språkkyndige leger, til bruk i naudsituasjoner – Førespurnad frå fylkeslege Karin Müller Mikaelsen. Styret meiner denne førespurnaden heller bør gå til kommunar/kommuneoverlegar og Helseforetak. Slik kan ein laga ei offisiell liste, dersom det er ønskeleg. Profesjonelle tolkar bør i hovudsak nyttast også i krisesituasjonar.

9. Kurs og ny kursportal. Kort informasjon. Vi skal nytte kursportalen frå Nordland legeforening. Den vil fungere når regnskapsportalen er implementert.
Kurs i rusmedisin fysisk i mars. Kurshaldarane ønska ikkje kursa digitalt.

Kurskomiteseminar arrangert frå sentralt hald på teams neste veke.

10. Arbeidsprogram DNFL – 2021-2023: Høringsfrist 31.01.21. Ingunn Innerdal sender eit kort høyringssvar.

11. Årshjul:  
- Styremøter våren 2021: 19.01.21, 02.03.21, 27.04.21, 08.06.21
- Lokalforeningsseminar: Gjennomført digitalt 14.01.21. Ingunn Innerdal er oppnemd i ei referansegruppe «Opprettelse av referansegruppe – oppfølging av landsstyrevedtak om Legeforeningens økonomiske bærekraft og styrking av tillitsvalgtarbeid».
- Landsstyremøte DNLF: 01.-03.06.21, Lillestrøm. (Landsstyremøte i Stavanger utsatt til 2022).  
- Helsepolitisk seminar: 25.03.21. Digitalt halvdagsseminar. 
- Årsmøte MRLF: Se sak 6.
- «Hurtigrute-kurs»: Utsatt til haust 2022? Alternativ? 
 
12. Eventuelt
Skybasert regnskap og endringar i bankforbindelse. Styret har fått SMS om godkjenning av at regnskapet blir skybasert. Styret ønsker at leder, kasserer og sekretær skal ha henvisningsrett.
Styret signer ikkje på fullmakta, men avventar meir informasjon frå organisasjonssekretær Bente Grønnesby. Dette vil bli satt opp som eige sak i neste styremøte 02.03.21.