Referat fra styremøte i MRLF 2. november 2021

Referat frå styremøte 02.11.2021
Til stades: Ingunn Innerdal, Eigil Sandvik, Jon Kristian Høye, Ingrid P. Berset, Igor Jokic, Nils Ringdal, Tom Willy Christiansen, Svein Anders Grimstad, Kai Grimstad og Brit Ingunn Hana

1. Møteinnkalling og sakliste blei godkjent.

2. Brit Ingunn Hana blei valt til referent.

3. Referat frå styremøte 30.09.21 blei godkjent. Eigil Sandvik refererte fra RU møtet vedr. helseplattformen, jfr. under

4. Styrearbeid i Møre og Romsdal legeforening 2021-2022.
a. Møter, verktøy. (korrekte mailadresse, Teams, Google disc).
Alle har nå korrekte mailadresser. Vi vil truleg kunne bruke Bente Grønnesby (org. Sekretær) meir enn i dag til innkalling av møter, referatskriving osv. Vi må sikre tilgang til Google disc til alle i styret. Møtedag framover blir som nå tysdag.

b. Vedtekter Møre og Romsdal legeforening. Styret blei minna om formålsparagrafen til Møre og Romsdal legeforening. I møtet blei det presisert det viktigheita av å vere ei støttande fagforeining for medlemmene.

c. Budsjett 2021
Den økonomiske situasjonen for MRLF. Grunna ekstra kontingenten på 500 kr, har formuen til foreininga auka til 1,8 mill. Samanlikna med andre lokalforeiningar har MRLF framleis lav formue. Samstundes gjev formueveksten større fridom til dei arbeidsoppgåvene foreininga skal gjere. Avtroppande kasserar, Nils Ringdal, gir råd om at vi held ekstra kontingenten fast. Mellom anna skal foreininga finansiere medlemsmøter, utgifter til drift av foreininga og frikjøp av tillitsvalte/praksiskompensasjon.

d. Godtgjering til styremedlemmer
Ringdal informerte om uendra godtgjering til styremedlem, i tråd med budsjett 2021.

e. Hovudarbeidsområder frå styremøte 30.09.21:
- Tillitsvaltsatsing: Rekruttering. Støtte opp om møteplassar.
- Fastlegeordninga og manglande vern i legevaktsarbeid.
- Dialog med HMR. Arbeidsmiljø. Samhandlingsstrukturer primær-spesialisthelsetjenesten. SNR.
- Helseplattformen.

5. Status yrkesforeninger:
AF: Spent på revidert statsbudsjett. 80 % av kommunane slit med rekruttering av fastlegar. Over 100 000 pasientar manglar pr. i dag fastlege.
PSL: Hyggeleg årsmøte arrangert for avtalespesialister i Møre og Romsdal. HMN ynskjer ei anna økonomisk ordning enn takstfinansierte praksisar for avtalespesialistane. Vil det bli ISF finansiering i avtalepraksis?
Det stilles spørsmål om kva som er tjenlig finansiering i helsetenesta? Korleis kan helsetenester finansierast på ein måte som gjer at vi får mest og best mulege tenester for befolkninga
Prioritering og rettighetsvurdering i avtalepraksis. PSL ynskjer ein veg inn til spesialisthelsetjenesta og godt samarbeid mellom sykehusavdelingane/sekjonane om pasientane.
OF: Toppleiinga prega av New public management-tankegods. Planlagt gjenåpning av fødetilbod ved Kristiansund sjukehus i desember 2021 framstår vanskeleg, grunna vedvarande vanskar med rekruttering av gynekologar. Høgt sjukefravær ved fødeavdelingane. Usemje innad i kreftmiljøet i Klinikk for kreft og rehabilitering.
Oppstart av PET i Ålesund. Særfinansiert, uklart kor vidare kostandar skal dekkast. Klinikk for psykisk helsevern og rus; Nedbygging av sengeplassar over år, budsjettkutt, vridning av behandlingsprofil, samanstilt med lovendringar, har gjeve store kapasitetsutfordringar for dei dårlegaste pasientane. Dialog med leiinga. Psykiatermangel.
LSA: Utfordringar innen PHV. Ein pasient vil i kommunal omsorg kunne koste 10 mill. i utgifter. I tillegg er pandemien utfordrande, igjen aukande smittetal.

6. Årshjul: Planlegging/Orientering:
a. Styremøter hausten: Julestyremøte: 10.12.21, Angvik Gamle Handelssted. Styremøter vinter/vår 2022 blir tysdag som i tidlegare.
b. Lokalforeningsseminar: Digitalt 18.11.21-19.11.21.
c. Regionutvalget: 24.09.21, 27.10.21.
d. Helsepolitisk seminar: 11.03.22. Vi diskuterte at samhandling mellom fastleger og sjukehuslegar i helseplattformen kan vere eit viktig tema å drøfte saman. Møte er lokalisert i Stjørdal.
e. Fastlegedagen: 05.12.21? Korleis går det med tilleggsproposisjonen? Vår markering vil vere avhengig om dette. Avstand til næraste legevakt. Skal det vere ein maksimalavstand til legevakt? KS har sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå på legevaktsordningar
f. Styreseminar januar/februar 2022? Helseplattformen?

7. Eventuelt.
a. Vara til landsstyret blir Brit Ingunn Hana.
b. Dei som ber om støtte frå Møre og Romsdal legeforening må sende søknad i god tid.