Referat fra styremøte i MRLF 27. april 2021

Tid: 27.04.21 kl. 17.00-19.30
Sted: Microsoft Teams
Til stades: Ingunn Romundstad Innerdal, Bjarne Storset, Eigil Sandvik, Tom Willy Christiansen, Maria Eugenia Dominguez Pedroso, Kai Grimstad, Nils Ringdal, Dag Brekke, Ingrid Prytz Berset, Bente Grønnesby og Brit Ingunn Hana (ref.)

Sakliste styremøte :
1. Møteinnkalling og sakliste blei godkjent.
2. Brit Ingunn Hana blei valt som referent.
3. Referat frå styremøte 02.03.21. blei godkjent.

4. Status yrkesforeiningar:
• PSL: Ingen nye tildelingar av hjelmar. Frustrasjon hos avtalespesialistane grunna manglande prioritering av avtalespesialistar til covid-19-vaksine. Tilbakemeldingar gitt både til HMR og sentrale myndigheiter frå PSL.
Vaksinering av helsepersonell har kome lengre i kommunane enn i helseføretaka. Ingunn R. Innerdal vil ta problemet opp skriftleg med FHI.
• AF: Eigil Sandvik har delteke på helsepolitikkseminar «Eit år etter handlingsplana». Krisen i fastlegeordninga har forverra seg. Delen av befolkninga utan fastlege har auka, 193 lister utan lege med listeansvar, over 100 kommunar har rekrutteringsvanskar. Næringsdrift er underfinansiert.
Økonomien i ordninga er ikkje styrka i den grad at tilstrekkeleg reduksjon av listelengde er mogleg.
• LSA: Støttar innspelet om at fastlegeordninga må prioriterast. Elles er Covid-19-pandemien framleis altoverskyggande og andre arbeidsoppgåver må vente.
• LVS: Leger i vitskapelege stillingar: Fire medlemmar i Møre og Romsdal. Mange fleire forskar, men få har forsking som hovudstilling. Dag Brekke varslar at han trer ut av tillitsvaltvervet ved utgangen av denne perioden.
• NAMF: Maria Pedroso som er bedriftslege i HMR informerte om at ein del av avtalespesialistanen i fylket er vaksinerte, men få i Ålesundregionen.
• OF/YLF : Førebuing til lokale lønnsforhandlingar for OF og reforhandling av B-dels-avtalen. Betydeleg arbeidsinnsats krevjast. Kva skal prioriterast i lønnsforhandlingane? Seniorpolitikk? Auke grunnlønna? HMR har lav grunnlønn, og ein del av lønnsmassen blir gitt som tillegg. Dette medfører at mindre av lønna blir indeksregulert og all lønn som reknast som prosent av grunnlønn vert lågare.
Dialog med leiargruppa om ulike saker.

5. Status kurskomiteen; Rus og psykiatrikurset blei halde med fysisk samling og var vellukka. Ved neste møte i kurskommiteen vil det bli ein større diskusjon om kursa skal vere fysiske samlingar eller om det blir digitale møter.

6. Økonomi:
a. Regnskap 2020: Kasserar Nils Ringdal orienterer. Styret har brukt pengar fornuftig med styreseminar, støtte til tillitsvaltarbeid og møte for YLF/OF. Det er viktig at vi som organisasjon skal støtte opp om tillitsvaltarbeidet.
b. Budsjett 2022 – innspel: Nils Ringdal vil legge fram forslag til budsjett i styremøtet 08.06.21.

7. Årsmøte MRLF 2021 – MRLF 160 år. Ved årsmøtekomité.
• Tidspunkt og stad. Vi flytter årsmøtet til by, primært Ålesund. Bente Grønnesby arbeidar vidare med dette.
• Plan for årsmøtekurs. Gjennomgang av foreløpig program for innspel.
• Økonomi – kurset blir gratis, men deltakarane må dekke reise og opphald sjølve, dersom dei ikkje får dekning gjennom fond/arbeidsgjevar.
• Årsmelding, ferdigstillast til møte 08.06.21.

8. ”Helseplattforma”.
Legeforeininga sentralt med sekretariatet, forhandlar med Helseplattforma AS om kontraktar på vegne av næringsdrivande legar (fastlegar, avtalespesialistar). Mange utfordringar. Vanskeleg å selje et produkt, som ingen enda har sett.

9. Covid-19 situasjonen og vaksinasjonsstatus.
Vi er inne i det største utbrotet i Møre og Romsdal til nå i pandemien. Tidlegare har vårt fylke hatt lite smitte. Vi blir minna på at dersom nokon blir smitta på arbeidsplassen, må det meldast som yrkessjukdom.

10. Orienteringssak.
Leiar Ingunn Innerdal er oppnemnt til å sitte i referansegruppe, som skal sjå på økonomisk berekraft i hovudforeininga (DNLF) og korleis optimalt støtte opp om tillitsvalt arbeid. Det har blitt stilt spørsmål om foreininga prioriterer nok det den har som hovudoppgåve, å støtte opp om tillitsvalt arbeidet?
Det er Landsstyret som har gitt oppdraget om å sjå på hovudforeiningas økonomiske berekraft, da foreininga er for avhengig av finansinntekter.

11. Årshjul:
• Styremøter våren 2021: 08.06.21 Dette møtet blir også på teams.
• Landsstyremøte DNLF: 01.-03.06.21, Lillestrøm. (Landsstyremøte i Stavanger utsett til 2022) Digitalt?
• Årsmøte MRLF: Egen sak.

12. Eventuelt. Valkomité til styret MRLF. (Storset, Endresen, Ødegård)
Valkomiteen har starta med arbeidet nå. Det skal sendast ut eit brev om innspel til årsmøtevalte representantar frå valkomiteen.