Referat fra styremøte i MRLF 18. oktober 2022

Tid: 18.10.22 kl. 17.00-19.00.
Stad: Digitalt Teamsmøte

Til stades: Ingunn R. Innerdal, John Kristian Høye, Kai Grimstad, Svein Anders Grimstad, Tom Willy Christiansen, Fredrik Axelson, Eigil Sandvik, Bjarne Storset, Brit Ingunn Hana (ref)

Sakliste styremøte
1. Møteinnkalling og sakliste blir godkjent.

2. Brit Ingunn Hana blir valt til referent.

3. Referat fra styremøte 27.09.22 blei godkjent med eit tillegg om ønske om å skrive at vi kan vurdere å arrangere eit tillitsvaltkurs for sjukehuslegar evt. kurs som kan dekke felles kompetansemodul for LIS i forbindelse med årsmøtet 2023.

4. Status økonomi ved Brit Ingunn Hana
a. Status MRLF; kasserer orienterer kort om status pr. 18.10.2022. Vi har god kontroll og stabil økonomi.
b. Godtgjering styremedlemmer; kasserer vil sende separat skriv vedr. dette til styremedlemmene.

5. Helseplattformen: Tobias Iveland, foretakstillitsvalgt YLF St. Olavs HF deltok.
Iveland orienterte om status i innføring av nytt journalsystem, helseplattformen (HP) ved St. Olavs Hospital.
Det har blitt arbeidd lojalt for løysinga. Undervegs har ein sett utfordringar og dette har blitt varsla om etter som problem har blitt synlege. Framleis opplever ein at det er mange ubesvarte spørsmål. St. Olavs Hospital kobler seg på det nye systemet 12.11. 2022. I møtet blei det gitt rom for diskusjon og spørsmål.

6. Styremøte HMR 19.10.2022
Etter at statsbudsjettet blei framlagt ser ein at det ikkje er økonomi til nye satsinger med unntak av HP. I budsjettet blir det lagt inn ein aktivitetsvekst på 1.4%. Lån til modernisering for Ålesund SH er utsett og klinikk for PHVR er ikkje skjerma for omstilling slik som i 2022.

Inntektsramma for HMR blir tildelt frå HMN i november. Det endelege budsjettet skal også vedtas i styremøtet i november.
Tilbakemeldinga er ostehøvelkutt på 2% i alle klinikkene. Årets oppdragsdokument viser at PHVR skal prioriterast. HMR sitt budsjettet er såleis ikkje i samsvar med regjeringens prioriteringar. I denne sammenheng orienterte Brit Ingunn Hana om arbeid med den nasjonale utviklingsplanen for PHR. Den viser at kapasiteten innan fagområdet i HMR må aukast, skal vi kunne oppfylle nasjonale mål om likeverdige tenester i heile landet.
Konklusjonen på framlagt budsjett blir at det skal jobbast endå hardare for at vi skal kunne innføre Helseplattformen.

7. Status yrkesforeninger og kurskomite.
YLF:
Det blei arrangert LIS 1 kveld i slutten av august med god deltaking.
Tillitsvalte vil framover ha hyppigare møter med innføringsteam i HP.
Sidan statsbudsjettet ikkje gav rom for invisteringar i bygningsmassen ved Ålesund sjukehus, har det skapt bekymringar hos tilsette.
AF:
Det er i Statsbudsjettet sett av 480 mill til basistilskudd, men tilskudda skal risikojusterast. Dette er utfordrande da ein ikkje veit korleis ein skal kunne vurdere arbeidsbelastning i forhold til pasientens alder, sjukdomsbyrde, sosioøkonomisk status med meir. Ekstremt mykje uavklart her. I tillegg kjem midlane først mai 2023. Medlem er oppgitte og veit lite kva dette vil bety i praksis.
Med bakgrunn i pasientkrisa har det vore møte med statsforvaltar for å fremje dialog mellom kommunar og statsfovaltar.
LSA:
Averøy er med i eit prosjekt om laboratoriesystema i Helseplattformen. Det virker som dette fungerer godt.
Kurskommiteen:
God påmelding på kurset i endokrinologi i november.
Emnekurset i pediatri våren 2023 blir utsett pga innføring av Helseplattformen.

8. Årshjul: Planlegging/Orientering:
a. Styremøter høsten: Julestyremøte: 09.12.22 Hotel Brosundet Ålesund.
b. Lokalforeningsseminar: Digitalt 17.11.22-18.11.22.
c. Regionutval: 02.02.22 Trondheim.
d. Helsepolitisk seminar ble utsatt grunna for få påmeldte. Ny dato er foreløpig ikkje fastsett.
e. Styremøte januar 2022: Invitere alle vara + ev. gjester? Eller be om omvisning SNR? Dette blei ikkje drøfta.

9. Høyringar:
a. Høring om felleskompetansemål (FKM) i spesialutdanningen for leger. Frist 01.12.22. Axelson vil sjå på dette og komme med evt. merknader til høyring.

10. Eventuelt.
a. Landsstyrerepresentant og vara.
Ingunn R Innerdal som leiar i Møre og Romsdal legeforening er landsstyrerepresentant for Møre og Romsdal legeforening.
Brit Ingunn Hana blir valt til vara til landsstyret.