Referat fra styremøte i MRLF 24. januar 2023

Referat styremøte Møre og Romsdal legeforening
Tid: 24.01.23 kl. 17.00-19.30.
Sted: Digitalt Teamsmøte

Til stades: Eigil Sandvik, John Kristian Høye, Tom Willy Christiansen, Svein Anders Grimstad, Kai Grimstad, Fredrik Axelson, Maria Eugenia Domingues Pedroso, Stian Endresen, Ingunn R Innerdal og Brit Ingunn Hana (ref.)

1. Møteinnkalling og sakliste blei godkjent.

2. Brit Ingunn Hana blei valt som referent.

3. Referatet fra styremøte 09.12.22 blei godkjent.

4. Status Helseplattformen.
- Skriv til Helseminister/Helse Midt-Norge fra føretakstillitsvalte OF/YLF og leiarane i lokalforeningane i Midt-Norge, var lagt ved innkallinga.

- Drøfting om utfordringane det nye datasystemet Helseplattformen (HP) gir. Utrykt bekymring for om helsetenesta i HMN skal bli varig skadelidande grunna journalsystemet, med tanke på effektivitet og kostnad. Innføring i Helse Møre og Romsdal HF utsett til april 2024.

- Ålesund kommune tek i bruk HP om tre månader, korleis blir samhandling mellom HMN utan HP og kommunar med HP?

- Fleire legekontor er nå i ferd med å bytte journalsystem, HP er ikkje eit alternativ. Målet om eit felles journalsystem verkar pr. i dag ikkje realistisk.

- Styret i HMN må tenkje over kva ansvar dei har i forhold til innføring av eit system som ikkje er funksjonelt.

5. Høringsbrev og utkast til «Retningslinjer for samarbeid mellom fastleger og sykehus: Møteplass Møre og Romsdal-dokument versjon 2022».
Oppgåvefordelinga av faglege og praktiske oppgåver mellom fastlegane og spesialisthelsetenesta er regulert gjennom samhandlingsdokument som kjem med anbefalingar basert på felles drøftingar.

I Møre og Romsdal blir dokumentet kalla «Møteplass Møre og Romsdal». Fagleg samarbeidsutval for behandlarsamarbeid, som er eit av dei kliniske utvala i Helsefellesskapet, har i 2022 revidert samhandlingsdokumentet som er på høyring med frist 10.2.2023.
Styret støtter dokumentets intensjon. Det stilles derimot spørsmål om nokon av krava i dokumentet er for strenge, eller vanskelege å imøtekomme. Overordna retningslinjer for samhandling er viktig. Krav frå lovverk, ulike retningslinjer, forventningar og behov til pasientane aukar stadig, og tida strekk ikkje til verken i sjukehus eller hos fastlegar. Leiar Innerdal vil utarbeide eit kort høringssvar.

6. Allmenneleger til kliniske utvalg nivå 3 i Helsefellesskap Møre og Romsdal. v/Stian Endresen.
Eigil Sandvik lager eit kort skriv som organisasjonssekretær sender ut til medlemmene i allmennlegeforeningen, for å sikre medverking frå legar i primærhelsetenesten i nivå 3 i Helsefellesskapa.

7. Årsmøte 2023:
a. Tidspunkt: 01.09.23-02.09.23. Stad; Storfjord Hotell?
b. Årsmøtekurs: Utfordre kurskomite. Kurs/samling for sykehustillitsvalgte?

Aktuelle tema:
- Innføring av Helseplattformen, kva konsekvensar har dette for Møre og Romsdal? Korleis påvirker innføring arbeidsmiljøet. E-helse og teknologi, kunstig intelligens, e- læring etc. Forslag innleiar; Ivar Halvorsen
- Felles kompetansemål for LIS med tema som etikk, legerolle, sakkyndighet etc.?
- Viktig for allmennleger med emnekurs som gir poeng.

c. Valkomite: Stian Endresen (leder), Kenneth Swan, Ida Monn Birkhaug.
d. Årsmøtekomite: Ingunn R Innerdal, Stian Endresen, Fredrik Axelsson, Eigil Sandvik og Brit Ingunn Hana. Organisasjonssekretær Bente Grønnesby.

8. Status yrkesforeninger og kurskomite.
a. AF; Regjeringa har bevilga 920 mill., men foreslått risikojustert basistilskudd gjer det det vanskeleg å vite korleis dette vil slå ut. Lange lister vil da fortsatt bli premiert.

b. YLF; Utfordrande økonomisk situasjon i HMR. Utfordringsbilete på over 300 millionar. Fleire foreslåtte sparetiltak gjev frykt for ei gradvis nedbygning av den offentlege helsetensten. HP tar mykje av ressursane, så det gjer det ekstra utfordrande. Innerdal vil skrive avisinnlegg for å rette søkelys på situasjonen.

c. PSL; Arbeider med hjemler og felles henvisningsmottak.

d. Namf; Endringar i forskrift for bedriftshelsetjenesten.

e. Kurskomitéen;
- Pediatrikurs mai/juni i Ålesund; HMR stiller med forelesarar frå Kristiansund og Ålesund
- Helserettskurs i Molde før påske.

9. Årshjul:
a. Styremøter våren 2023: 28.03.22 Omvisning SNR kl 13:00 og styremøte Molde Fjordstuer med middag kl 16:00. 09.05.23 Digitalt styremøte.
b. 19.01.23 Ledersamling Oslo: Nestleder Eigil Sandvik stiller fra MRLF.
Eigil Sandvik refererer kort.
c. Helsepolitisk seminar: Foreløpig ikke planlagt. Alternativ 8 september, ev. dato i oktober, men framleis ikkje endeleg bestemt.
d. Landsstyremøte: 06.-08.06.23 Bodø.

10. Eventuelt.
Diskusjon om korleis vi skal vere involvert i strukturerte endringar både i HF og kommunane. HMR skal spare 300 mill. kr inneværende år. Det er viktig at dei tillitsvalte blir involvert i alle små og større tiltak som kjem. Det som blir beskrive er kraftig nedbygging av den offentlege helsetenesta.