Referat fra styremøte i Nord-Trøndelag Legeforening 13 desember 2017

Deltakere: Mathis Heibert (Of), Jens Olav Kleinau (Of), Børge Winter (AF), Kjetil Klunge( 2. LR AF), Dragan Zerajic, Leder

 Sak 1: Gjennomgang av referat frå førre styremøte
Referat gjennomgås og godkjennes

Sak 2: Orientering om status i Helse Nord-trøndelag
Det har nyleg blitt gjennomført eit allmøte der representantar frå DNLF har informert om den nylege rettsaka ang tariffavtalen med Spekter. Det vart også diskutert pågåande reorganisering i HNT. Prinsipielt viktig spørsmål er kor stor påvirkningskraft fagkompetanse skal få i ny struktur vs lederkompetanse. Det er tydeleg at direktør meiner personalansvar er viktigare enn fagleg ansvar. OF meiner kun lege kan vere medisinskfagleg ansvarleg, noko som blir støtta av dei andre i styret. Det er gjennomgåane vist dårleg kommunikasjon frå direktør og han annerkjenner ikkje at det er komflikt mellom han sjølv og legane i HNT. Det er i dag, slik styret i NTLF ser det, ei tillitskrise mellom legane i HNT og direktøren. Det har ikkje vore noko positiv utvikling dei siste 2 år og direktøren har vist manglande evne til å ta til seg faglege innspel. Det er varsla om uforsvarleg leiing og styret i HNT skal behandle varslinga før nyttår.

Det er ønskeleg at Dragan som leder i NTLF uttaler seg offentleg om saka, det blir vurdert som mest heldig om dette kjem etter nyttår.

Sak 3: Representantforslag – Senterpartiet
Dragan orienterer styret om Senterpartiet sitt representantforslag: «Representantforslag om tiltak for å styrke rekruttering til og finansiering av fastlegeordningen, i tråd med intensjonene i samhandlingsreformen». Dokumentet skildrar dagens situasjon med underfinansiering av fastlegeordninga samtidig som nye arbeidsoppgåver har blitt lagt til fastlegane. Det skal gjennomføres evaluering av ordninga i 2018.

Sak 4: Søknad om støtte til «Trønderopprøret»
Kollega Tone Dorthe Sletten har på vegne av Trønderopprøret søkt dei tre lokalforeningane i Midt-Norge om økonomisk støtte på 30.000,- frå kvar av foreningane.

U.t. melder seg inhabil. Resterende fire styremedlemmer støtter enstemmig å gi 30.000,- i økonomisk støtte.

Sak 5: Dekning av utgifter
Christine Agdestein, fastlege på Steinkjer, har deltatt i møter i Oslo i møter med politikere og beslutningstakere for å informere om dagens situasjon for fastlegane. Ho ønsker å få dekt reisekostnader på 4224 kr.  Det blir enstemmig vedtatt at NTLF dekker reisekostnader.

Referent: Kjetil Klungre, 2. landsråd AF