Dialogmeldinger - nyttig eller fåfengt

Kvar gong temaet samhandling kjem opp kjem det: «Vi skulle gjerne hatt lettare samarbeid mellom fastlegar og sjukehuslegar. Snakka saman. Diskutere pasientar».
Telefon er fint, men då skal du treffe telefontida til den du skal snakke med. Om ho eller han har det.
I 2019 kjens det litt rart å sende brev til fastlegen. Avhengig av kor lang tid det tar før fastlegen svarer kan spørsmål og svar havne ganske langt frå kvarandre i den ustrukturerte journalen EPJ for det meste er.
EPJ har eit verkty som heiter «dialogmelding» .

Av Bjarte Sørensen (fastlege Hjelmeland) og Marit Halonen Christiansen (Overlege Kvinneklinikken Helse Stavanger)



Ideelt sett burde dette være eit mogleg verkemiddel. Slik tenker vi oss det:

Dr Halonen har skrevet ut ein pasient frå gynekologisk avdeling. Epikrisen går til fastlege dr Sørensen, men ho har jammen glømt å føre på kor lenge pasienten skal antikoagulerast. Og er ovesterin vagitorier livslangt eller berre nokre veker etter operasjon?

Dr Sørensen sender ei dialogmelding til Halonen. Den kjem i den elektroniske meldingsboksen, og Halonen svarer at klexane skal takast i 10 dagar, og ovesterin kan gjerne være livslangt. I alle fall tre veker postoperativt.

 

Likeeins har Dr Sørensen tilvist ein pasient med cystocele som han fann då han tok rutinemessig cervixcytologi. Han hadde ein travel dag på kontoret, så dr Halonen får medisinliste og tidlegare sjukdom, men ikkje kva plager pasienten har. Halonen sender dialogmelding, og får til svar at pasienten har recideverande UVI, og tyngdekjensle og har måtte gi opp som spinninginstruktør. Pasienten får difor ein litt lengre konsultasjon ved gynekologisk poliklinikk, fordi det er åpenbart at ho skal til operasjon, og då treng litt meir tid til informasjon og undersøking.

Ideelt er ikkje reelt.

Vi prøvde oss på dette. Halonen sendte dialogmelding  (« Forespørsel SO») til Sørensen. Denne kom rett i innboksen til Sørensen. Jamvel om Halonen ikkje er pasient ved Hjelmeland legekontor (i god forskningsånd nytta vi oss sjølve som testpersjonar).

Sørensen kunne dog ikkje svare direkte. Meldinga måtte gå til Kvinneklinikken SUS. Seksten dagar seinare fekk Sørensen svar om at meldinga var motteken.

Ved spørsmål til Helse Vest IKT får vi til svar at eit ev. personleg mottak av meldingane  vil medføre personleg ansvar, og krav om at alle legar i Helse Vest må følge opp meldingar innan freist.

Sjølve syns vi nok det i 2019 burde være mogleg med begge deler; direkte kontakt til lege på sjukehus, men vidaresending dersom legen ikkje svarer innan ei viss tid. Ved fråver som td ferie vil nokon andre uansett ha ansvar for postboksen, og kan videresende til kompetent kollega.

Helse Midt innfører Epic, men i resterande helseregionar har vi ulike variasjonar av Dips. Programmet er stort og omfattande, og alle nye funksjonar må ha ein fordel som veg opp for ulempa. Vi tenker alle måtar å få letta kommunikasjonen  mellom fastlege og spesialist og gjort denne meir direkte har potensiale til store fordelar. For legane, men ikkje minst pasientane. Som jo er heile poenget med helsetenesta.