Aktuell informasjon frå Regional vurderingseining for rehabilitering

Vurderingseininga er ein funksjon ved Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, som er organisert som eiga eining ved ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen. Vurderingseininga handsamar og vurderer tilvisingar til private somatiske rehabiliterings-
institusjonar, frå fastlegar, avtalespesialistar og andre tilvisarar utanfor sjukehus.
Den medisinsk-faglege vurderinga blir gjennomført av legespesialistar i fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Vest.
Turid Grydeland Nordås, fotoThomas Blix Grydeland
Turid Grydeland Nordås, fotoThomas Blix Grydeland

Det blir frå fastlegemiljøet stilt spørsmål ved kvifor pasientane raskare får tilbod om rehabilitering dersom dei blir tilviste frå sjukehus. Desse tilvisingane er alt blitt rettighetsvurdert av tilvisande lege og går derfor ikkje via Vurderingseininga. Så sant den private rehabiliteringsinstitusjonen har tilbodet det er søkt om, må institusjonen gi pasienten eit tilbod. Det kan vera nokre fordelar med dette, bl.a. at det nok kan gå litt raskare å få tilbod sidan ein ikkje går via Vurderingseininga, som har frist på 10 verkedagar til å handsama tilvisinga. Samtidig er det nokre problematiske sider ved dette. Bl.a. kan det medføra ein uønskt variasjon i kven som får eit rehabiliteringstilbod. Det kan td medføra at pasientar som alt har hatt svært mange rehabiliteringsopphald, gjerne med avgrensa effekt, stadig får tilbod om nye opphald. Det kan òg medføra at definerte pasientgrupper får ulikt rehabiliteringstilbod, avhengig av kva sjukehus dei blir behandla ved.  

For tida er me i gang med ein pilot der me òg tar stilling til tilvisingar frå nevrologisk og ortopedisk avdeling i Helse Bergen. Målet er å hindra uønskt variasjon, inkludert å sikra at dei pasientane som treng det, får tilbod om spesialisert rehabilitering. Piloten vil bli evaluert ila 2025. 

 

Dei fleste tilvisingane ved Vurderingseininga gjeld pasientar busette i Helseregion Vest.  

I 2023 tok avdelinga mot om lag 4200 nye tilvisingar. Dette året vart 98,8% av tilvisingane vurderte innan fristen på 10 verkedagar. Avslagsprosenten var på 46,7%. Dei klart vanlegaste årsakene til avslag var at ein vurderte at pasienten burde kunna ivaretakast i fyrstelinjetenesta, samt at pasienten hadde hatt gjentekne opphald der det ikkje var kome til nye aspekt. Avdelinga mottok i 2023 i underkant av 200 anker. Me er organiserte slik at det alltid er ein annan lege som vurderer anken enn den som vurderte primær tilvising. I om lag 43% av tilfella vart anken oppretthalden og sendt rutinemessig til Statsforvalteren. Vurderingseininga fekk medhald hos Statsforvalteren i 84% av tilfella. Tala frå 2024 føreligg foreløpig ikkje. 

 

Eit opphald på privat rehabiliteringsinstitusjon medfører ei stor utgift. 

Helse Vest si ramme for kjøp av spesialisert rehabilitering for 2025 er på 372 millioner kroner. I tillegg kjem gjesteoppgjer i samband med fritt rehabiliteringsval, som i 2023 utgjorde 43 millioner kroner. Det blir i “Riksrevisjonens undersøkelse av rehabilitering i helse- og omsorgstjenestene Dokument 3:12 (2023−2024)” vist til at det i 2022 vart brukt totalt 2522 millioner kroner på privat spesialisert rehabilitering i Noreg. Det er derfor vesentleg å sikra seg at dette tilbodet blir gitt til rett person til rett tid. Alle legane som jobbar ved Vurderingseininga har kost/nytte-tankegangen med seg ved vurdering av henvisningar. Viss det td kjem fram at ein pasient har hatt mange rehabiliteringsopphald for same tilstand, og med kortvarig effekt, må ein stilla seg spørsmålet om det er formålsteneleg å tilby enno eit opphald. Ofte vil svaret vera nei, og ein må sjå på korleis ein i primærhelsetenesta kan setta inn tiltak for å hindra nye funksjonsfall.  Ein må òg vurdera om problemstillinga tilseier at det er behov for spesialisert rehabilitering, eller om det dreier seg om meir generell rehabilitering, som skal kunna gis i primærhelsetenesta. 

 

Frå tid til anna får me tilvisingar der tilviser informerer om at NAV krever at rehabilitering vert forsøkt. Dette er typisk i situasjonar der pasienten er i ein prosess med å søka om uføretrygd eller andre langsiktige ytingar frå NAV. I ein del slike tilvisingar blir det opplyst om at pasienten er motivert, og det blir vist til konkrete mål for eit opphald samt kva som tidlegare har vore forsøkt. Slike tilvisingar blir ofte innvilga. I andre tilfelle kjem det ikkje fram slik informasjon. Iblant blir det òg kommentert at pasient og/eller henviser ser lite nytte i eit slikt opphald, men at NAV krever at spesialisert rehabilitering vert forsøkt. I desse situasjonane vurderer ofte våre legar at det er svært usannsynleg at eit rehabiliteringsopphald vil bidra til vesentleg endring av funksjon og gir då eit avslag. Me ser absolutt utfordringane med at tilviser dermed kan bli ståande i ein skvis. Tanken er då at avslagsteksten skal kunna vera til hjelp i ein vidare prosess ovanfor NAV. 

I 2021 vart det gjennomført 2 møte mellom NAV Vestland og Vurderingseininga, akkurat med dette som tema. Det kom då fram at det blir stilt store krav til aktivitetstiltak som skal vera vurdert/forsøkt mtp nytte/effekt i samband med søknad om uføretrygd, deriblant rehabiliteringsopphald. Det vart samtidig presisert at NAV skal gi veiledning/råd om ulike tiltak, men kan ikkje kreva at rehabilitering blir gjennomført dersom vurderinga er at dette i liten grad vil verka inn på framtidig funksjon og arbeidsevne. I arbeidet med denne artikkelen er det kome fram at rutinene ved NAV Rogaland er noko ansleis. Samtidig deler me målet om at pasienten skal få rett tilbod til rett tid. Det kan på eit seinare tidspunkt vera aktuelt med vidare kontakt med NAV, både i Vestland og Rogaland.  

Det å tenka rehabilitering ganske tidleg i eit forløp, vil vera viktig for mange pasientar. For dei fleste vil lokale tiltak vera fyrsteval, og i mange tilfelle tilstrekkeleg. Spesialisert rehabilitering, enten det er via eit helseføretak eller via privat rehabiliteringsinstitusjon, kan absolutt vera indisert i mange tilfelle der adekvate lokale tiltak ikkje har medført vesentleg bedring av tilstanden. Imidlertid skulle me ofte ønskt at det hadde blitt vurdert tidlegare i forløpet, i staden for at det fyrst blir aktualisert når ein er i ein prosess med å søka langsiktige ytingar frå NAV, som uføretrygd.