Spente og klare for Afrika måtte me i all hast reise til Sola fordi reiseleiar Hans Petter Torvik sendte ut melding om at første flyet var kansellert og alt dermed kunne skje. Det vart ei alternativ melkerute nedover Europa, før me kom fram til Douala i Kamerun og dagen etter kunne fly vidare til Ngaoundéré, endestoppen vår. Rolf Bergseth med kona Elfrid venta på oss på den gamle misjonsstasjonen til det norske misjonsselskapet, der me vart innlosjerte i enkle, men praktiske hus med innlagt straum og vatn (for det meste av tida). Før kurset starta, hadde me tid til kulturelt program, og det skulle det bli rikeleg av, viste det seg.
Det blei mange turar på marknad både før og i løpet av kurset. Elfrid hadde svart belte i pruting og med eit stort hjarte for lokalbefolkninga, var ho kyndig guide mellom flugedekte kuhovud, fargerike stoffbutikkar og Rolex-klokker til heilt overkomelege prisar, og tusenlappane fekk bein å gå på. Heldigvis var kursen 0,018…
Me fekk med oss ein dagstur til ein landsby utanfor byen, der me fekk sjå og høyre om lokalt jordbruk. Me fekk sjå korleis folk budde, temmeleg tett og trongt med åpent bål inne til laging av mat. Så skulle me til pers i kokegrytene sjølv og fekk prøve oss å på lage ein slags komleliknande rett som heiter couscous. Dei norske kontorkroppane våre haldt ikkje lenge då me skulle røre i den tunge massen. Heldigvis hjelpte damene i landsbyen oss med å få det til. Så var det sang og dans under det store mangotreet, og me kunne ikkje vere dårlegare; me ville synge noko me også. Det var ei sterk oppleving då mange kamerunesarar heiv seg med på melodien og me stod og sveitta og smilte og song «Deilig er jorden» saman, og alle filma og tok bilete av kvarandre.
Kurset vart halde på Hôpital Protestant Ngaoundéré like i nærleiken av misjonsstasjonen. Kursdagane starta med morgonmøte på sjukehuset, der me fekk presentert ein pasient som var innlagt siste døgnet. Kasusen vart drøfta før me gjekk visitt eller var innom HIV/tuberkulosekontor og sosialarbeideren på sjukehuset, barneavdelingen, indremedisinsk avdeling, laboratoriet, føde/barsel og nyfødtavdeling. Rundane vart leia av både norske og kamerunesiske legar og andre tilsette på sjukehuset. Sjukehuset har rundt 150 senger, med fem tilsette allmennlegar, og ein gynekolog. Gynekologen er delvis lønna av ei norsk støttegruppe av sjukehuset. Me trefte medisinstudentar frå Kamerun, Sierra Leone og Liberia, og desse var nyttig arbeidskraft på det underbemanna sjukehuset.
På sjukehuset betalte pasientane for kvar prøve, undersøkjing og behandling som vart gjort, og dermed vart det mange gonger mangelfull diagnostikk og behandling, og eit omfattande arbeid for sosialarbeideren på sjukehuset for å finne ut om storfamilien kunne betale, eller om ein skulle bruke av det begrensa støttefondet som kunne brukast viss det verkeleg kneip.
Det var frusterande å sjå at det ikkje var vatn i kranane på barselavdelinga, manglande myggnett på medisinsk avdeling, og at det ikkje var anna tilgjengeleg smertestillande enn paracet, og at ein pasient med fulminant sepsis på grunn av ein tannrotabscess vart liggande i timevis i akuttmottaket for å vente på eit mogleg tannlegetilsyn; utan å få antibiotika.
Me såg eit 7 mnd gammalt born, med einsleg mor på 15 år, innlagt med bakteriell meningitt og opisthotonus. Etter nokre dagar utvikla bornet multiorgansvikt, og familien vurderte å ta bornet heim igjen då dette tilsynelatande var ein mystisk sjukdom som sjukehuset ikkje kunne hjelpe med. Det var fleire av oss som gjekk gråtande ut av barneavdelinga etter å ha sett bornet ligge med brillekateter med O2 og streve for livet. I vårt land kunne utfallet vore annleis, og i det minste kunne me tilbydd lindrande behandling. Bornet døydde på kvelden den siste kursdagen vår, på sjukehuset.
Etter visittane på sjukehuset fekk me «case presentations» eller ei anna forelesning av dei lokale legane. Deretter var det lunsj og litt fritid. På ettermiddagen var det ny forelesning med våre norske føredragshaldarar; infeksjonsmedisiner Åse Berg, pediater Harald Hurum og pensjonert kommunelege, fastlege og lege i Etiopia, Hans Petter Torvik.
Du skal leite lenge etter slike sindige reiseleiarar som Hans Petter; han siterte fleire gonger ein britisk helseminister som sa at «å lede leger er som å gjete katter». Meinte HP det same tru? Han mista aldri hovudet sjølv om me mista fly etter fly og reiseruta vart endra minst fem gonger på turen.
Harald er pediater i Fredrikstad, men har budd i Ngaoundéré med familien i fleire år og jobba på sjukehuset. Nå brukar han overlegepermisjonen ein månad i året på jobb i Kamerun og er dermed godt kjent med rutinane og systemet. Åse er ringreven frå SUS som har jobba i mange land i Afrika, og ho fokuserte spesielt på heimvendte reisande som jo er det mest trulege me kjem borti på fastlegekontoret. Så me har lært at «alt» kan vere malaria, og me må heller ikkje gløyme dei vanlege tinga som kreft, der me helst vil tru det er ein spesiell tropesjukdom. Siste førelesningen fortalde Åse oss om hennar arbeid i Afrika gjennom alle år. Ho vart utvist frå Zimbabwe etter å ha bede regjeringsmedlemmar slutte å forgripe seg på gategutar i Harare, og reist der ingen skulle tru (og alle ville fråråde) langt nord i eit uroleg område i Somalia for å kartlegge om det var ein epidemi der. Me sat som tente lys og bøygde oss i hatten for desse historiane.
Rannveig Nærland fylte året på turen; og som vassekte jærbu arrangerte ho basar og kulturkveld (denne nokså norsk). Det var få fruktkorger å spore, men desto fleire eksotiske premier funne på marknaden (eventuelt i kofferten). Engasjementet balla på seg og facebook kom til sin rett i kronerullinga. I skrivande stund er det samla inn over 120.000 kr til prosjektet. Det er laga finansieringsplan for å kjøpe inn hysteroskop til gynekologen, og mogleg få ordne brønnen til landsbyen me besøkte.
På senteret me budde på fekk me tre måltider til dagen; og det var både trygg og god mat! Dei fleste haldt seg friske. Innimellom slaga var det også høve til å jakte på Grancastemning i og ved bassenget, ta seg joggeturar på området me budde på, sitje under eit skuggetre og fortelje skrøner om kveldane, eller prøve seg i det nostalgiske rollespelet Mafia.
Det blei ein fjelltur til byen sitt svar på Dalsnuten; Mt. Ngaoundéré, også kalt navlefjellet (det likna eit navlebrokk). Me fekk besøke både kyrkjer og det muslimske overhovudet i byen. Og som det bør vere i Afrika; fleire kveldar med dans og song av kor og songgrupper frå lokalmiljøet som drog oss ut på dansegolvet. Man måste bjuda på!
Dette var eit kurs som gav oss mykje meir enn kunnskap om tropemedisin. Me drog heim med løfta blikk; me har svært mykje å vere takksame for i vårt land, og i vårt helsevesen. Å få vere i eit utruleg flott fellesskap på turen betyr også mykje; det er fint å få bli kjent med fleire flotte kolleger i Rogaland og rundt omkring.
