Presentasjon av styret i Sogn og Fjordane legeforening

Vi ønsker å presentere styret i Sogn og Fjordane legeforening for perioden 2021-2023

Styret har svart på følgjande:
1. Arbeidsstad, spesialitet/spesialisering, arbeidsstad, tidlegare/andre verv i Legeforeningen.
2. Kva tenkjer du Sogn og Fjordane legeforening bør ha særleg fokus på dei neste to åra?
3. Kva meinar du blir dei største utfordringane for helsetenestene på kort og lang sikt?
Styret
Frå venstre: Eirik Søreide (Ylf), Jan Ove Tryti (leiar), Hildegunn Styve Borkamo (OF), Evy-Helen Helleseth (årsmøtevald), Anders Rosø (årsmøtevald), Tarjei Nyhammer (Ylf). Ikkje med på bildet: Sharline Riiser (AF), Ronny Cassells (AF), Clarence Johnpillay (OF), Ola Arne Hjelle (årsmøtevald), Thomas Vingen Vedeld (årsmøtevald).

Jan Ove Tryti, styreleiar
1.) Fastlege og tenesteleiar for legetenestene i Sogndal kommune, praksiskonsulent i Helse Førde, spesialist i allmennmedisin, under spesialisering i samfunnsmedisin, styremedlem i Sogn og Fjordane legeforening, leiar i LSA Sogn og Fjordane, støttekollega, nemndmedlem i nasjonal nemd for fastlegeordninga.
2.) Eg håpar Sogn og Fjordane legeforening kan bli ein aktuell og aktiv aktør i og pådrivar for planlegging av gode helsetenester både i Helse Førde og i kommunane. Me må ha fokus på rekruttering og stabilisering av legar og vere bevisste på at dette arbeidet startar allereie med studentar i utplassering og vidareførast i LIS1. Me må jobbe for gode vilkår for å bli spesialist både i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta, samt at det blir attraktivt for ferdige spesialistar å jobbe i vår region. Me må bidra til at både spesialisthelsetenesta og kommunane ser verdien av sterk medisinskfagleg leiing i helsetenestene og motivere legar til å ta leiaransvar. Me må vere med å leggje til rette for samarbeid og samhandling mellom legar i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta. I ei tid prega av aukande arbeidsbelastning må me må bidra til å definere kva som er legeoppgåver og kva som bør gjerast av andre.
3.) På kort sikt har me ei fastlegekrise som må løysast. Mangel på fastlegar overbelastar både fastlegane sjølve og på sikt også spesialisthelsetenestene. På lang sikt vil me sjå aukande mangel på helsepersonell. Utfordringa blir å finne dei nye gode og effektive måtane å yte helsetenester på slik at dei blir ei fullgod erstatning for og ikkje kjem i tillegg til det me alt gjer.

Hildegunn Styve Borkamo, Overlegeforeningen
1.) Overlege ved barneavdelinga i Helse Førde, hovudtillitsvalt, OLF og Dnlf.
2.) Sogn og Fjordane legeforening bør ha fokus på rekruttering og stabilisering av legar i Sogn og Fjordane. Vi skal vere ein aktiv bidragsyter i ulike fora der vi vil jobbe for at det skal vere attraktivt å vere ein god lege for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, både i spesialisthelsetenesta og i primærhelsetenesta. Vi ynskjer å vere med i prosessar knytt til utvikling av framtidsretta helseteneste som tek innover seg medisinsk, teknologisk og demografisk utvikling og sikrar eit kvalitativt likeverdig helsetilbod i vårt nedslagsfelt. På kort sikt må vi sikre at vi i Sogn og Fjordane klarer å rekruttere legar som fastlegar i primærhelsetenesta, LIS og spesialister i psykisk helsevern, både vaksenpsykiatri og psykisk helsevern for barn og unge, samt andre utsette fag i spesialisthelsetenesta.
3.) På lang sikt må vi innrette helsetenestene slik at fagfolk kan bruke sine ressursar på behandling av dei pasientane som treng det. Det krev riktig oppgåveglidning og prioritering. Sogn og Fjordane ynskjer å støtte opp om og bidra til å utvikle desentralisert medisinutdanning i Vestlandslegen.

Tarjei Nyhammer, Yngre Legers Forening
1.) LIS på medisinsk avdeling, med lunge som greinspesialisering, foretakstillitsvalgt for YLF i Helse Førde.
2.) Over dei nest to åra meiner eg Sogn og Fjordane legeforening bør ha fokus på stabilisering av fastlegeordninga, og jobbe opp mot rekruttering til sjukehusa våre.
3.) Dei største utfordringane for helsetenestene på kort og lang sikt er den aukande arbeidsbelastninga for fastlegar og underbemanning på sjukehusa. Slitne og overarbeidde legar vil vere ei av dei store utfordringane på kort sikt. På lang sikt trur eg ei av dei store utfordringane for helsetenestene vere oppbygging av private helsetenester og nedbygging av det offentlege helsetilbodet, der ein vil få ei dårlegare kvalitet på helsetenester til dei mindre ressurssterke i samfunnet.

Eirik Søreide, Yngre Legers Forening
1.) LIS2 ved Medisinsk avdeling i Helse Førde, ynskjer spesialisering innan geriatri, har vore tillitsvald for LIS1 i Helse Førde.
2.) Sogn og Fjordane legeforening bør ha særleg fokus på rekruttering. Det er ikkje noko nytt at det er viktig å ha fokus på å rekruttere nye legar til Sogn og Fjordane. Vi er i ein situasjon i dag der òg dei store sjukehusa og byane slit med rekruttering. For å konkurrere mot desse må vi drive aktiv rekruttering for å få folk vi ynskjer inn. Så må vi skape gode miljø og legge til rette for god fagleg utvikling for legane som er her. Nye legar som kjem til må kunne sjå at Sogn og Fjordane er ein plass der ein kan trivast, lære og ein stad der vi varetek legane våre. Dette trur eg, i seg sjølv, òg vil verke rekrutterande.
3.) Eg ser ein del utfordringar framover. Vi blir bedt om å jobbe raskare, smartare og pasientar skal ha færre døgn som inneliggande. I seg sjølv er dette utfordrande då pasientgruppa blir eldre og eldre, og meir komplisert. Ikkje alt dette kan løysast med nye dataprogram. I tillegg medfører dette at meir av behandlinga blir flytta over til kommunane og ei allereie hardt pressa fastlegeordning. Det er viktig at legar deltar i prosessane, held oss opne for utvikling, men samtidig passar på fagleg forsvarlegheit.

Sharline Riiser, Allmennlegeforeningen
1.) Spesialist i allmennmedisin, doktorgradsstipendiat ved UiB, fastlege ved Sogndal Legesenter. Tidligare/noverande verv: Leder av kurskomiteen i Sogn og Fjordane legeforening, styremedlem Sogn og Fjordane legeforening, Førstelandsråd i Allmennlegeforeningen.
2.) Sogn og Fjordane legeforening bør ha særleg fokus på rekruttering av legar både i primær- og spesialisthelseteneste. Det jobbast allereie med ein overordna rekrutteringsstrategi i Helse Førde der også kommunane deltek. Sogn og Fjordane legeforening bør støtte dette arbeidet, og være ein pådrivar for å vidareutvikle ein systematisk strategi for å kartlegge behovet for framtidige legar og også jobbe systematisk med rekruttering allereie når legestudentane er på utplassering i vårt distrikt.
3.) Ein av dei største utfordringane på kort sikt er å stabilisere og utvikle ein fastlegeordning i krise. Rekrutteringa til faget er på eit lågmål, fastlegerollen verkar ikkje freistande for unge leger som er på veg inn i yrkeslivet. Rekrutteringsvanskane er ikkje bare gjeldande for distriktskommunar, også byene slit med å få dekka fastlegehjemlar. Studentane er interessert og motiverte for faget allmennmedisin, men fastlegeordningen, slik den er nå, skremmer desse vekk frå jobben som fastlege. Å oppretthalde ein sterk og berekraftig helseteneste er ein anna utfordring på lengre sikt. Ein sterk offentleg helseteneste er den viktigaste garantisten for lik rett til gode helsetenester uavhengig av kvar i landet ein bur, kjønn, alder og økonomisk status. Den seinare tid har private helsetenester utvikla seg i rekordfart, samtidig som Noreg har brukt mindre pengar på den offentlige helsetenesta enn land det er naturleg å samanlikna seg med. Denne utviklinga vil kunne bidra til økt sosial ulikheit. Ein må difor både nå, og i framtida, jobbe med å styrke den offentlige helsetenesta.

Evy-Helen Helleseth, årsmøtevald
1.) Spesialist i psykiatri og allmennmedisin, jobbar på Akutt døgn, Psykiatrisk klinikk, Førde Sentralsjukehus. Tidlegare verv i legeforeninga: avdelingstillitsvalgt, klinikktillitsvalgt PHV Helse Førde, landsrådsrepresentant for OF S&Fj.
2.) Sogn og Fjordane legeforening bør ha særleg fokus på rekruttering og stabilisering. Helse Førde er eit lite helseføretak som har hatt og har utfordringar med både rekruttering og stabilisering av legar. Det same gjeld mange kommunar i Sogn og Fjordane. Utan tilstrekkeleg tal legar blir det utfordringar med kapasitet og kvalitet samt høge kostnader knytt til vikarbruk. Helse Førde har utarbeidd ein rekrutteringsstrategi med eit eige kapittel for legerekruttering. Dette bør føretaket og kommunane sjå til og samarbeide om med formål om å betre framtidig rekruttering og stabilisering av legar.
3.) Dei største utfordringane for helsetenestene på kort sikt blir å sørge for like moglegheiter for gode helsetenester for pasientar i by og land. Framover er det viktig å sjå til at pasientar i Sogn og Fjordane får same tilbod om helsetenester som pasientar i andre helseregionar. T.d. bør ventetidene vere om lag like lange, ein må få same moglegheit til å delta i kliniske studiar, og pasientar frå Sogn og Fjordane må prioriterast likt med andre når det gjeld tenester som ein må til andre helseføretak for å få tilbod om. På lang sikt riktig og rettferdig prioritering. Medisinske fag er i stadig utvikling. Vi får nye metodar, nye medikament og ny teknologi. Alle ønsker at vi skal ha eit helsevesen med høg kvalitet som leverer gode tenester. Framover blir det viktig å sjå til at vi prioriterer godt og har ei rettferdig fordeling av ressursane.

Anders Rosø, årsmøtevald
1.) Spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin, fastlege på Jølster legekontor og assisterende einingsleiar i Legetenesta Sunnfjord kommune. Tidlegare verv: 2 år i styret og 3 år i kurskomiteen i Legeforeningen frå tidligare.
2.) Sogn og Fjordane legeforening bør ha særleg fokus på å få legeforeningen i Sogn og Fjordane «opp og gå igjen» etter pandemien og fleire år med lite foreningsarbeid. Ein bør velje ut nokre kampsaker å ha fokus på, t.d. rekruttering, stabilisering og finansiering av fastlegeordningen.
3.) Dei største utfordringane for helsetenestene på kort og lang sikt blir personellmangel på alle nivå, rekrutteringsutfordringar, særlig på bygda, sentraliseringsutfordringar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, og likeverdige tenester.

Thomas Vingen Vedeld, årsmøtevald vara
1.) Spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin, Tidlegare fastlege i Eid og kommuneoverlege i Eid og Stat, noverande kommuneoverlege i Stad kommune, styremedlem i Helse Førde, leiar av støttekollegaordninga i Sogn og Fjordane.
2 og 3.) Oppteken av leiing og utvikling i primærhelsetenesta, spesielt fastlegetenesta, og grensearbeid mellom ulike samarbeidande tenester innanfor kommunane og mellom kommunar og helseføretak.