Selepinnen 2012

På Haustemøtet i september var det på tradisjonelt vis utdeling av heidersteiknet for Sogn og Fjordane Legeforening - Selepinnen. Årets mottakarar var Støttekollegaene, og det var leiar Leiv Erik Husabø som stod for utdelinga.

Selepinnen er eit sølvsmykke  og eit diplom. Selepinnen er ein del av seletøyet til hest. Fjordingen er eit eksempel på ein seig slitar med godt lynne som trives i motbakke.

 Hedersteiknet skal vera ein honnør for den særlege innsatsen som vedkomane har gjort over tid.  Innsatsen skal vera knytt til fagleg og eller kollegialt arbeide i vid forstand under arbeide, fritid eller fagforeningssamanheng.  Styret i foreninga vedtek utdelinga etter framlegg.

Selepinnen blir i 2012 tildelt ei gruppe legar som har hatt som rolle i foreningen å vera til støtte og hjelp i vanskelege situasjonar. Enten fagleg, privat eller i vanskelege situasjonar i media.

Sidan 1992 og som ein av dei første fylka har Sogn og Fjordane hatt ei aktiv gruppe støttekollegaer.  Dei har samtaler med legar som har det vanskeleg og treng støtte.  Dei gjer ein innsats som ikkje er så synleg, men desto meir viktig.  Styret i foreninga vil gi påskjøning for dette viktige arbeidet. Vi har per i dag  5 flinke og vennlege kollegar som har utdanna seg og står klar dersom ein av oss treng det. Dei underviser turnuslegar ved «faren» ved å vera i legeyrket og kva som kan gjerast i vanskeleg situasjonar. Dei arbeider generelt med leger si helse og kva som påvirkar det.

 Så er vi i den situasjonen at av dei  7 legane som desse 20 åra har vore støttelegar har  3 fått selepinnen tidlegare. 

 Dei som får tildelt selepinne året 2012  er desse støttekollegaene:

Geir  Kittang, han har vore med sidan starten i 1992,  Florø

Irene Mjøs,  Førde

Anita Pettersen,   Eivindvik

Einar Melvær  Sandven, Eid

 Dei må kome fram

 Dei andre 3  er Øystein Melbø Christiansen som er ledar og har vore med frå  1992.  Elles Gunnar Engan og Ingrid Ytrehus.