Referat fra møte i Regionsutvalg Midt-Norge, 16. april 2008

Til stade: Randulf Søberg (leia møtet), Ottar Grimstad (referent), Nils Håvard Dahl, Kai Grimstad, Tore Wergeland Meisingset, Kjell Herman Midelfart, Helge Bjørnstad Pettersen, Tor-Finn Granlund, Jon Helle (regiontillitsvalgt), Terje Keyn (observatør)

1. Leiarseminaret

Ottar Grimstad orienterte. Det vart drøfta enkelte problemstillingar som var oppe. Mellom anna hevda Åge Danielsen i eit innlegg på leiarseminaret at den auken i bevilgningen regjeringa påstår at helseforetaka har fått, ikkje er reell når spørsmålet blir analysert nøyare. Ein slik analyse burde legeforeninga få utført.

2.

a) Regiontillitsvalgt Jon Helle orienterte

  • I Nordmøre og Romsdal har der vore store problem omkring omlegginga av delar av psykiatrien som skal overførast til Helse Sunnmøre. Det har medført stor overtalligheit bland medarbeidarar, særleg hjelpepleiarar med lang fartstid og i ein alder derdet kan vere vanskeleg å få anna arbeid. Denne situasjonen synes ikkje vere tilfredsstillande handtert, og dei fleste regiontillitsvalgte frå alle hovedorganisasjonane reiste til Molde saman med leiarar frå Helse Midt-Norge for å halde møte om saka. Der er stor og forståeleg frustrasjon lokalt.
  • JH har som målsetting  besøke alle helseforetaka. Nord-Trøndelag er nest sist ute mellom anna fordi tillitsvalgtsituasjonen der har vore så vanskeleg. Dette spørsmålet vart drøfta. St. Olav vil bli besøkt til slutt.

b) Nils Håvard Dahl rapporterte frå Nord-Trøndelag

  • Der er mange uavklarte spørsmål mellom Namsos og Levanger men der synes ikkje vere konflikt på tillitsvalgtnivå.
  • Leiinga sitt krav og måte å implementere årsturnus på, har skapt mykje misnøye. Fleire legar har nekta å skrive under arbeidsplanar og går derfor berre minimumsarbeidstid.

c) Helge Bjørnstad Pettersen rapporterte frå Sør Trøndelag

  • Avdelinga har arbeidd mykje med hurtigrutekurset.
  • Ein arbeider med forbedring av praksiskonsulentordninga.
  • Årsmøtet er planlagt og den årlege sommarfesten på Sverresborg.

d) Ottar Grimstad rapporterte frå Møre og Romsdal

  • Avdelinga har arbeidd mykje med høyringssaker siste tida.

3. Byggefase 2 St. Olav

Jon Helle orienterte:

  • Lånerammene Helse Midt-Norge har fått er så lave at dei ikkje dekkar løpande prosjekt. Det er ikkje gitt kompensasjon for prisstigning. Prosjektet må fullførast og 140 millionar må inndekkast ved innskrenkningar i andre påbegynte prosjekt, salg av bygningsmasse og driftsreduksjonar. Der er ikkje ramme for igangsetting av prosjekt som ikkje er fullfinansiert.
  • I diskusjonen kome det fram at det økonomiske opplegget for finansiering av store investeringar i helseforetaka er for dårleg. Det vart også peika på det lite tenlege i å ha store uteståande lån på kassakredittvilkår og høg rente samstundes som staten har milliardar ståande i kapital andre stader. Dette koster foretaka tresifra millionbeløp. Regionsutvalget bør rette en henvendelse til legeforeninga sentralt om å vere meir aktiv i desse spørsmåla.

4. Forhandlingar våren 2008

Randulf Søberg orienterte:

  • Det pågår no forhandlingar på alle frontar, noke som er ei stor belastning for forhandlingsavdelinga. Det er blitt bedre klima i forhold til Spekter og vi voner på eit saklegare klima i våren sine forhandlingar her enn det har vore tidlegare.

5. Representant for Dnlf i Regionutvalg for kommunal kompetanse

Guttorm Eilertsen, Trondheim er oppnemnt frå legeforeninga sentralt. Ottar Grimstad orienterte om Kommnal Kompetanse. Utvalget hadde ikkje merknader til oppnemninga.

6. Regionsutvalget si arbeidsform

Randulf Søberg innleia til diskusjon:

  • Det var semje om at nasjonale høyringar til legeforeninga sentralt tar kvar lokalforening ansvar for sjølv. Det er ikkje behov for å samordne fellesuttaler anna enn i saker som direkte vedkjem vår region, det regionale nivået eller regionsutvalget sin funksjon.
  • Randulf Søberg/Jon Helle skulle sørge for at medlemmene av regionsutvalget fekk tilsendt sakliste for styremøte i det regionale helsestyret, så finn den einskilde fram sjølve sakene på nettet ved behov. Randulf/Jon sørger for å fange opp spesielt viktige saker som det kan vere aktuelt å drøfte i utvalget.
  • Dei einskilde medlemmer får hovedansvaret for saker i samsvar med sitt arbeidsområde, Ottar/Kai saker som vedkjem primærhelsetenesta, Tor-Finn saker som vedkjem abeidsmiljø, Helge saker som vedkjem forskning, Tore saker som vedkjem utdanning med meir.
  • Når vi får Min Side i legeforeningen på plass kan det vere aktuelt med ein infomail til medlemmene eventuelt vedlagt referat frå møta.
  • Randulf har retta ein henvendelse til leiinga for det regionale helseforetaket om leiar og nestleiar i utvalget kan ha møter med leiinga i lag med regiontillitsvalgt, gjerne i forkant av møta i regionsutvalget. Randulf følger opp dette.

7. Neste møte blir på Soria Moria mandag 19. mai klokka 17

8. Ny generalsekretær

Ottar Grimstad orienterte om prosessen som er satt i gang. Aktuelle kandidatar vart lufta, men regionsutvalget vil ikkje kome med innspel i egenskap av utvalg. Enkeltpersonar kan sjølv ta dei initiativ ein synes er aktuelle.

9. Turnustenesta

Tore Wergeland Meisingset orienterte om eit framlegg frå SHDir om å erstatte turnustenesta med 3 års pliktteneste. Det er full semje i organisasjonen om at dette forslaget er lite tenleg.

10. Statusrapport om situasjonen i spesialisthelsetenesta 2009

Vi var bedt om framlegg til medlemmer i ei arbeidsgruppe og Randulf Søberg har etter ei mailrunde sendt framlegg om Tom Christiansen, Jon Helle, Ottar Grimstad og Randulf Søberg

11. Handlingsplan for avtalespesialistar

  • Kjell Midelfart orienterte om ein handlingsplan som helseforetaket har fått utarbeidd der m.a. Kjell var i gruppa som laga planen.
  • Spesialistar som jobber full tid med 20% driftstilskot skal få utvida dette.
  • Vi skal kome opp på landsgjennomsnitt i tettheit av avtalespesialistar. Der erein for Sør-Trøndelag men det er behov for 16 nye heimlar, dei fleste i Møre og Romsdal.
  • På sikt arbeide for også å få spesialistar i reumatologi og urologi.
  • Diskusjonen i utvalget handla mykje om ventelistehandtering og prioritering, særleg for privatpraktiserande psykiatarar.
  • Handlingsplanen vert sendt til høyring i lokalavdelingane av legeforeningen.

12. Aktuelle høyringar

a) Utredning om spesialistutdanningen for leger.

Jon orienterte om hovedpunkta i utgreiinga. Saka er sendt til høyring i lokalavdelingane.

b) Forvaltningsreformen – forslag til nye oppgaver for det folkevalgte regionale nivået. Ein såg ikkje behov for å lage høyringsuttale på dette.

c) Ny inntektsfordeling i de regionale helseforetak (Magnussenutvalget). Det er berre Møre og Romsdal legeforening som har laga høyringsuttale på denne. Saka er ferdig behandla i legeforeningen og sentralstyret har vedteke legeforeningen sin uttale. Det er stor lokal misnøye med denne uttalen fordi ein går inn for at omfordeling først bør skje etter nye utgreiingar om ein del spørsmål og etter ei overgangstid – noke som vil skyve langt fram i det uvisse når mellom anna Midt-Norge kan få løyvingar i samsvar med ei meir korrekt behovsvurdering. Regionsutvalget gjer ikkje meir med denne saka no. Under hurtigruteseminaret vart det arrangert eit ope møte der president og fleire representantar for Midt-Norge gjorde greie for sitt syn slik at den sentrale  leiinga skal vere orientert om våre synspunkt.

13. Raskere tilbake

Det har vore store problem med gjennomføringa av ordninga, særleg innafor foretaka. Det er også mange forskjellige ordningar som spriker innbyrdes.

14. Budsjett 2008

Vi søkte om 250000 og fekk i møte i januar opplyst frå sekretariatet at vi hadde fått 230000. Då tildelingsbrev kom, var det berre innvilga 160000. Vi må halde ein nøktern standard, men gjere det vi synes er naudsynt. Dersom dette overskrid kostnadsramma, må vi diskutere spørsmålet med sekretariatet.

15. Høstens møter

Gjekk ut.

16. Tillitsvalgtkonferanse/kurs 2009

Også årets hurtigrutekonferanse vart vellukka og Randulf Søberg lufta om det kunne vere interesse for å arrangere noke tilsvarande alt neste år 2009. Aktuelle tidspunkt var diskutert. Det vart ikkje trekt noken konklusjon men ein skulle kome tilbake til saka i eit seinare møte.

17. Eventuellt

Ottar Grimstad lufta om ein burde vurdere samarbeid om felles medlemsblad i regionen, eventuellt kombinert med kontorfunksjonar slik det er etablert i Nord-Norge. Det vart ikkje trekt noken konklusjonar.